Fekk napp i vandrepokal

Vandrepokal

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL og Leif Harald Sættem, Molde og Olymp IF sikra seg begge napp i oppsette vandrepokalar.

Anniken Hjellbakk Hole var beste kvinnelege løpar i det 25 km. lange Fannefjellsrennet søndag og fekk napp i ein oppsett vandrepokalen.

Etter deltaking i Sparebanken Møre Cup-rennet i Torvikbukt laurdag stilte Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL til start i Fannefjellsløpet arrangert av Hjelset-Fram på søndag, ein test på forma før Birken om to veker. Også Gisle Aaland frå same klubb deltok og viste at også han har forma inne før langløpet frå Rena til Lillehammer 19. mars.

Anniken Hjellbakk Hole fekk beste tid mellom damene og sikra seg napp i ein oppsett vandrepokal. Gisle Aaland fekk også premie etter 3. plass i M 56 – 60.

Fullstendig resultatliste: http://www.hjelsetfram.no/files/2016/03/resultatliste2016.pdf

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380