Lokalnytt

Fekk plakettar for god mjølk.

På bildet, frå venstre Karl Johan Røyrhus Espe, Jan Ove Tryggestad, Gunnhild Liva Foldal, Tor Lie, Hans Jakob Hatlestad, Johan Bogen.
På bildet, frå venstre Karl Johan Røyrhus Espe, Jan Ove Tryggestad, Gunnhild Liva Foldal, Tor Lie, Hans Jakob Hatlestad, Jarle Bogen. (Foto: Tine SA, Jenny Helen Velle)

Fleire fekk heidersbevis for god mjølk under Sykkylven, Stranda og Sunnylven produsentlag si årssamling på Stranda hotell.

Sunnylven og Stranda produsentlag er no slått saman med Sykkylven produsentlag. Nyleg hadde mjølkeprodusentane si fyrste felles årssamling i det «nye» laget som heiter Sunnylven, Stranda og Sykkylven produsentlag på Stranda Hotell. Hans Jakob Hatlestad, leiar i tidlegare Sykkylven produsentlag er leiar i det nye produsentlaget og har desse med seg i styret; Oddvar Tynes, Sunnylven, Per Kristian Gjærde, Stranda.

Jarle Bogen, ordførar i TINE og leiar i Rådet orientert om drifta i TINE SA, ei drift som fekk ros av møtedeltakarane. Resultatet gav rekord etterbetaling med 59.0 øre/literen for levert mjølk i 2015.

Under årssamlinga vart fleire mjølkeprodusentar tildelt heidersbevis for fleire års levering av feilfri mjølk. Jørn Bernhard Stadheim frå Sunnylven var ikkje til stades på møtet, men vart tildelt 10-års plakett for klassefri geitmjølk. To kumjølk-produsentar frå Sunnylven fekk 5-års plakett for god og klassefri kumjølk, Gunnhild Liva Foldal og Jan Ove Tryggestad, og Elise Skjortnes og Karl Johan Røyrhus Espe.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380