Flaug frå Skaret

Helge Kvam Karbø. (Foto frå arkivet)

Helge Kvam Karbø. (Foto frå arkivet)

Helge Kvam Karbø tok seg ein luftig tur i påska. Med ski og fallskjerm vart det flygetur frå Skaret til grusbana i Hellesylt sentrum.

Helge Kvam Karbø frå Sunnylven går Friluftsliv ved folkehøgskulen på Voss. Der har Helge valt skisport med frikøyring og elvepadling. Speedflyging, å flyge som fuglen vart eit ekstra valfag for 21-åringen. Så langt har det blitt rundt hundre flygeturar, fortel Helge.

-Turen i heimlege trakter no i påska var frå 800 meters høgd ved Skaret til sentrum av Hellesylt. Alt gjekk etter planen, og å starte oppe i Skaret var heilt supert. Landinga på grusbana med ski på beina gjekk også fint sjølv om bana var tøya. Eg vurderte å lande på kunstgraset på Hellesylt stadion, men der var folk så det slo eg frå meg-.

Helge Kvam Karbø var ein av dei talentfulle skiskyttarane i Sunnylven IL, men 21-åringen slutta etter få år grunna sjukdomsplager. No har han funne seg ein sport han synest er triveleg å drive med. Helge likar seg godt på Voss Folkehøgskule og kan tenkje seg å halde fram der.

Sjå Helge Kvam Karbø sin film, speedflyging frå Skaret til Hellesylt sentrum: https://vimeo.com/160348127

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380