Flott skiskyttarrenn.

Veret spela på lag for arrangør og deltakarar under krinscuprennet i skiskyting i Hyttehola søndag.

Veret spela på lag for arrangør og deltakarar under krinscuprennet i skiskyting i Hyttehola søndag.

Søndag arrangerte Sunnylven IL Skiskyting krinscup i Hyttehola med god deltaking frå Nordfjord og Sunnmøre.

Veret var på arrangøren si side då skiskyttargruppa i Sunnylven IL avvikla konkurransane i Hyttehola. Det vart ein ny stor dag, eit flott arrangement med flotte ungdommar frå Nordfjord og Sunnmøre som konkurrerer i presisjon og uthaldenheit som skiskyting er, seier leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL Magne Brekke og legg til;

-Skiskyting er ein kjempeflott idrett som er spennande å delta i og spennande for publikum å sjå på. Det skulle gjerne ha vore fleire sunnylvingar som tok turen til Hyttehola for å sjå stor og god idrett blant desse barna/ungdommane.

Desse skiskyttarrenna i Hyttehola er det neste største årlege arrangementet i Sunnylven, etter Hellesyltdagane. Søndag var omlag 55 personer involvert i ulike oppgåver under dette arrangementet. Vi vil takke alle desse som velvillig deltok som funksjonærar under rennet i Hyttehola søndag, avsluttar Magne Brekke.

Om to veker, laurdag 19. mars er det krinscupavslutning i skiskyting same stad.

Her er resultatliste frå dagens løp.

Krinscup 2

Johanna Myklebust Sunde, Valldal IL ut frå start

Krinscup 3

Frå venstre; Ingrid Gausemel, Hornindal IL, Sivert Myrold, Stårheim IL, Ottar Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380