Lokalnytt

Frå camping til leilegheiter

Hellesylt Camping har mange faste gjestar med campingvogner. Neste år kan det vere bygningar med leilegheiter på plassen nær Hellesylt sentrum.
Hellesylt Camping har mange faste gjestar med campingvogner. Neste år kan det vere bygningar med leilegheiter på plassen nær Hellesylt sentrum.

Hellesylt Camping / Turistsenter kan bli utbygt med sjølveigarleilegheiter. I alt fire hytter og 18 leilegheiter er planlagt bygt på campingplassen ved Hellesylt.

Onsdag i påskeveka inviterte eigarane av Hellesylt Camping, Asbjørn Sårheim, Olav Hellebostad og Arne Inge Tryggestad til informasjonsmøte om planane for utbygging av hytter og leilegheiter på området som i dag er oppstillingsplass for gjestar med campingvogner.

Frammøtet på Sunnylven kyrkjelydshus var stort av både dei som leiger plassar på Hellesylt camping og andre interesserte.

Sjølveigar

På møtet orienterte eigarane om planar, utarbeidd av Aaland arkitektkontor i Stryn for bygging av fire hytter på kanten til sjøen mot nord, og tre seksjonar i to etasjar med seks leilegheiter i kvar mot bygda og øst. Storleik på kvar av desse vart opplyst til 48.5 kvadratmeter og pris antyda til ca. 34.000.- kroner pr. kvadratmeter.

Utbyggjarane er no i sluttforhandlingar med det lokale byggefirmaet HT Bygg Hellesylt AS om å utføre arbeida. Geir Frøysa frå HT Bygg Hellesylt AS orienterte om utforming og val av material.

Alt blir sjølveigarleilegheiter, det vil seie at eigar kan bruke det sjølv eller leige det ut til andre. Etter fem år kan eigar selje om han vil. Det resterande arealet på Hellesylt camping blir fellesareal. I tillegg til byggekostnad føl det med kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Eigenkapital

Det heile blir ei forholdsvis stor investering, men banksjef i Sparebanken Møre, Stig Tryggestad avdeling Hellesylt såg positivt på at det endeleg kunne kome til å skje noko etter fleire år med byggeforbud på Hellesylt. Ein del eigenkapital måtte eigarar av leilegheiter reise sjølve, men elles ville banken vere behjelpeleg med finansiering, sa Stig Tryggestad.

Mange interessert

Det blir ingen endring ved Hellesylt camping denne sesongen. I tida framover til 15. august vil det foregå sal av leilegheiter. Om prosjektet i det heile skal bli ein realitet må det meste av leilegheiter  bli selt. Mange har vist interesse for planane og går det som utbyggarane håpa vil det bli byggestart i oktober/november med ferdige leilegheiter til innflytting 1. juni 2017, vart opplyst på møtet.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380