Hellesyltdagane i rute

Komiteen for Hellesyltdagane har det meste på plass til årets store sommarfest i juli. Frå venstre Ann Kristin Langeland, Per Ove Frøysa, Erik Torset, Eivind Louis Helset, Svein Spostøl. Ellinor Fivelstad er også med, men fråverande på møtet søndag

Komiteen for Hellesyltdagane har det meste på plass til årets store sommarfest i juli. Frå venstre Ann Kristin Langeland, Per Ove Frøysa, Erik Torset, Eivind Louis Helset, Svein Spostøl. Ellinor Fivelstad er også med, men fråverande på møtet søndag

Det meste kring Hellesyltdagane 2016 er på plass. No er det detaljplanlegginga som startar for komiteen som hadde sitt sjette arbeidsmøte søndag.

-Vi ser ramma av programmet for dagane, men det dukkar heilt sikkert opp overraskingar. No er det detaljplanlegginga som står for tur. Og opplegget er etter same lest som tidlegare, vi endrar ikkje på noko som har vist seg å vere ein suksess. Det sa leiar i komiteen for Hellesyltdagane, Svein Sporstøl då dei kalla inn til pressetreff på sitt sjette arbeidsmøte søndag.

«Ta sjansen»

Der kunne arbeidsgruppa gje utfyllande opplysningar om programinnslag som alt er kjende, men her vart også nye, spektakulære innslag kjente. I år blir det «Ta sjansen Hellesylt 2016» på Badestranda, eit konsept lik det som NRK sende på 90-talet. Det er sendt ut innbydingar til over 30 bedrifter om å delta med sjølvbygde båtar, men berre 15 får vere med i konkurransen. Så her gjeld prinsippet «først til mølla… Les eiga sak om konkurransen og reglar for å delta.

Godt billettsal

Kyrkjekonserten med Trine Rein som er fyrste innslag under Hellesyltdagane trur arrangøren blir flott, for tilbakemeldingar frå andre konsertar med artisten er svært gode. Også det lokale ungdomskoret Joyful er med under deler av konserten som til no har selt rundt hundre billettar. Framleis er det over hundre dagar til konserten så komiteen lurer på om kyrkja i Sunnylven med over 400 plassar blir for lita.

Stor storskjerm

Hellesyltdagane 2016 blir opna av rådmann i Stranda, Åse Elin Hole laurdag 9. juli klokka 12.00 frå utescena. Under programmet her blir det mange innslag av lokale aktørar, og laurdag blir det ein time gratis konsert med Rune Larsen. Også i år blir det storskjerm ved utescena, enno større enn i fjor, 5.4 meter brei og 3.0 meter høg. Her får publikum opplysningar om alt som skjer under Dagane.

Program og opplevingar

Eliasbåten kjem ikkje i år, men faste postar som gratis frukost, gudsteneste på Høgreiten, andeslepp og tivoli. Det blir også laurdagsdans i festivaltelt ved Grand Hotell med «Rotlaus», og det er booka inn trubadurar både på Hægstad Gård og Sherlock Holmes Pub både fredag og laurdag. Det meste foregår i sentrum av Hellesylt, men utanom blir Hellesyltløpet arrangert laurdag, det blir World Bace Rase frå Helsetkopen, og på Ljøen er det klart for ny utekonsert søndag kveld.

Arrangøren gjev også ut eiga messeavis, 24 sider smekkfull med stoff om sommarfesten og distribuert i eit opplag på 35.000 eksemplar.

Kart over standplassar

Under årets Hellesyltdagar blir mange stands og eit stort utval av varer og gode tilbod både hos dei lokale butikkane og tilreisande. Arrangøren har mange påmelde stand alt, men kan ta mot fleire. På arrangøren si nettside, www.hellesyltdagane.no ligg eit kart under fane http://www.hellesyltdagane.no/bestilling-av-standplass/der som viser kva plassar som er tinga og kva som er ledig. Der er også oppgjeve kontaktpersonar.

Hellesyltdagane blir i år arrangert for 29. gong, det fjerde største sommararrangement på Sunnmøre. –Vi skal vere eit talerør for lag og organisasjonar i bygda og jobbar tett opp mot desse. Like over påske kallar vi inn til nytt fellesmøte med desse for å få det meste av detaljar på plass, sa Svein Sporstøl. Og på spørsmål om veret under dagane 8. til 10 juli svara han; Det har vi kontroll på, det ordnar vi sjølve-.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380