Lokalnytt

High Camp innom Villa Norangdal

Tilbake på Villa Norangdal etter tur til Kvitegga. Om påskeharen var med til toppen er ikkje kjent. (Foto: Ellen Fivelstad)
Tilbake på Villa Norangdal etter tur til Kvitegga. Om påskeharen var med til toppen er ikkje kjent. (Foto: Ellen Fivelstad)

High Camp Sunnmøre besøkte kjente fjelltoppar i Sunnylven fredag, og etterpå vart det eit besøk innom hotell Villa Norangdal.

Laurdag var det tur på Kvitegga for ni av deltakarane på toppturfestivalen High Camp Sunnmøre, medan åtte andre tok turen til Lisjenibba eller Blæja som fjellet også blir kalla.

Dei fyrste tilbake til Villa Norangdal var gjengen frå Kvitegga, og i peisestova i det særprega hotellet fekk dei serverte Geirangerøl, Slogenøl og grillmør i brød. Alt vart beskrive som fantastisk godt, etter det rykta fortel.

Mannen i raud trøy bakerst til venstre på biletet er Stig Helseth frå Ørsta som var kjentmann på turen til Kvitegga. Han er også mannen bak den nye bok om skiturar i sunnmørsalpane, der han har skrive teksten og Håvard Myklebust frå Bjørke har teke bileta.

I Sunnmørsposten fredag kan ein lese meir om High Camp, toppturfestivalen på Sunnmøre med base ved Sagafjord Hotel på Sæbø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “High Camp innom Villa Norangdal

Kommentarfeltet er stengt