Lokalnytt

Kaffismaking på kaffibar i påska

Ellen Fivelstad førebur seg til innrykk av kaffigjestar i påska, under oppsyn frå påskeharen.
Ellen Fivelstad førebur seg til innrykk av kaffigjestar i påska, under oppsyn frå påskeharen.

Ved Hellesylt Boutique og Bar blir det gratis kaffismaking i påska. Kaffibaren på Hellesylt opnar palmelaurdag.

På Hellesylt gjorde Ellen Fivelstad alt klart til påskeopning av Hellesylt Boutique og Bar. Ho håper mange kaffihungrige gjestar kjem innom når ho opnar på palmelaurdag frå klokka 11.00. Ellen er koma for å selje kaffi, kaker og andre småsaker i påska og heile våren og sommaren, heilt fram til slutten av september.

Då vi stakk innom torsdag hadde Ellen leita fram fleire kasser med påskepynt. Ho venta hjelp med pyntinga av syster Iris, fortalde ho. Og det heile blir overvaka av påskeharen, ein bereist figur i strikka genser. Nyleg var haren i Geiranger på Grøn Fjord-konferanse der han også besøkte Geiranger Bakeri og Geiranger Bryggeri. Gode varer på begge stader tykte han, men det vart berre med ein liten smak på bryggeriet. Ein liten kropp toler ikkje så mykje, fekk vi oss fortalt.

Hellesylt Boutique og Bar opnar palmelaurdag klokka 11.00 og klokka 12.00 blir det gratis kaffismaking, eit tilbod som også blir på onsdag 23. mars og på påskeaftan.

I påska blir det høve til å smake fleire sortar kaffi, mellom anna frå eit kaffibrenneri i Fosnavåg. Opningstider er frå klokka 11.00 til 18.00 alle dagar unnateke dagar med raude tal på kalendaren. Då opnar Hellesylt Boutique og Bar ein time seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380