Klare for Birkebeinerrennet

Anniken Hjelbakk Hole og Hans Kristian Stadheim er klare for "Birken", ei ny styrkeprøve mellom Rena og Lillehammer. (Foto frå arkivet 2013)

Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim er klare for «Birken», ei ny styrkeprøve mellom Rena og Lillehammer. (Foto frå arkivet 2013)

Tre løparar frå Sunnylven IL deltek i det 54. km. lange Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer laurdag 19. mars.

Anniken Hjellbakk Hole, Hans Kristian Stadheim og Gisle Aaland er mellom knappe 15.000 påmeldte til Birkebeinerrennet, årets styrkeprøve frå Rena til Lillehammer. Alle tre har gått i løypene frå Tingstadjordet til Birkebeineren skistadion tidlegare. Målet er som for dei aller fleste å greie merketida. Den blir rekna ut for kvar klasse ut frå vinnartida pluss 25 prosent.

Gisle Aaland deltok for fyrste gong i fjor og greidde merket med glans. Klokka viste 3.38.34 då han kryssa målseglet på Olympiastadion på Lillehammer.

Anniken Hjellbakk Hole har fire merke frå tidlegare og bestetid på 3.28.34 frå 2013. Då kom ho på andre plass i si klasse og kunne stige opp på nest øverste trinn på premiepallen i Håkons Hall. Det var ei oppleving å høyre klubbnamnet Sunnylven IL ropt opp i eit så stort arrangement.

Hans Kristian Stadheim jobbar og bur i Oslo. Han representerer Lyn Ski/Sunnylven IL under «Birken» som han har delteke i ti gonger tidlegare og greidd like mange merke. Personleg bestetid i rennet er 2.47.24 frå 2008.

Den «store» Birkebeineren i Sunnylven IL er Paul Tronstad med 24 merke. Han stiller ikkje til start i år.

Følg din løpar i «Birken» på mobil og SMS-meldingar. Skriv; Birken, og deretter, Startnummer (eks. Birken 2222) Send melding til 1980. Du får passeringstider ved Skramstadsæter, Kvarstaddammen, Sjusjøen og i mål på Lillehammer.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380