Mange på Vårtreff i Sunnylven

John Langeland fortalde om mykje nytt og spanande han fekk oppleve på si reise til Hong Kong og Vietnam.

John Langeland fortalde om mykje nytt og spanande han fekk oppleve på si reise til Hong Kong og Vietnam.

Heile 80 personar kom til Vårtreffet med Sunnylven pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag som vertskap. Den fire timar lange festen fall i smak hos alle.

Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland kunne ønskje vel møtt til ein nær fullsett sal i Sunnylven kyrkjelydshus onsdag. I det flotte veret hadde mange teke ut for å få oppleve god underhaldning og eit festmåltid frå eit bugnande koldtbord. Til slutt var det åresal og utlodding av gevinstar, dei fleste gjevne av næringslivet i og utanfor bygda.

Dei to leiarane i arrangørlaga, Astrid Langeland i pensjonistlaget og Kari Hauso Stadheim i sanitetslaget byttest om å leie festen.

Det heile opna med allsong og leia av bygda sin eigen songglade Rasmus Taraldset og Bjørn Solum frå Hornindal på trekkspel vart det gjenhøyr av gamle gode viser som Nidelven, Hvite roser frå Aten, Perleporten, Blåveispiken og fleire. Avgjort eit innslag som bør gjentakast ved seinare høve.

Frivilligsentral jobbar breitt

Aud Tomasgard Berstad frå Stranda Frivilligsentral var invitert til festen for å fortelje om arbeidet i Stranda Frivilligsentral. Den skal bidra til å gjere Stranda kommune til ei enno betre kommune å bu i, heiter det mellom anna i vedtektene, fortalde ho. Leiaren kunne fortelje om ei lang rad tiltak med det som føremål, som barseltreff, open Strandahall for ungdom, rusførebyggande arbeid, går natteravnar ved festivalarrangement, arrangerer datakurs og driv norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og mykje anna.

Standa Frivilligsentral er med under TV-innsamlingsaksjonane, i fjor med støttekonsert i Sunnylven kyrkje, og organisasjonen deler kvart år ut «Frivillighetsprisen» som i fjor gjekk til Marianne Fivelstad . Det var kjekt å kunne heidre også unge med ein slik pris, tykte Aud Tomasgard Berstad. Mykje skjer på Stranda, men vi prøver så godt vi kan å nå ut til dei andre bygdelaga i kommunen også, sa ho.

Den Gyldne Spaserstokk

Under Vårtreffet var det utdeling av merker i trimtiltaket Den Gyldne Spaserstokk, eit samarbeid mellom Sunnylven sanitetslag, Møre og Romsdal idrettskrets og Sparebanken Møre. Rita Rudnig Røyrhus frå Sparebanken Møre stod for utdelinga der desse fekk sine påskjønningar.

Bronsemerke: Ingebjørg Fivelstad, Astrid Langeland, John Langeland, Mia Sjåstad, Anne Lise Hasle, Håkon Hasle, Solfrid Lien.

Sølvmerke: Lars Fivelstad, Bjarne Sjåstad, Fredrik Stadheim, Ruth Tronstad.

Sølvnål: Odd Jostein Bjørdal.

9-års merke: Sonja Fjørtoft Hole, Arne Tronstad.

11-år merke: Sonja Hole.

13-års merke: Oddny Rudi, Knut J. Tryggestad, Reidun Tryggestad.

14-års merke: Kirsten Gjørvad, Åge Gjørvad.

15-års merke: Arnfinn Tryggestad.

16-års merke: Anne Gausdal.

Desse fekk spaserstavar: Berit T. Hole, Jostein Hole, Oddveig Tryggestad, Astrid Taraldset.

Hong kong og Vietnam

Fleire i familien Langeland frå Sunnylven var på tur til Hong Kong og Vietnam i februar. Under Vårtreffet tok John Langeland forsamlinga med på ei reiseskildring i ord og bilder frå turen, ei stor oppleving med mange sterke inntrykk som Langeland skildra både ordrikt og levande. Han mintes mange ting frå reisa, som å sjå perledyrking, bytrafikk med hundrevis av mopedar, bli millionær i Vietnam grunna pengekursen, ikkje sjå sola på solblank dag, vasse i sør-Kinahavet, bli knadd og «reparert» på massasjeinstitutt, og skremd av eit badehandkle som ramla nedover ryggen.

Åresal til slutt

Vårtreffet vart avslutta med åresal og trekning, vanlegvis eit høgdepunkt på slike tilstellingar. I år var program og bevertning så god at kanskje var ikkje tombolaen høgdepunktet likevel denne gongen. Det hadde vore ein utruleg kjekke fest, sa Odd Jostein Bjørdal før han opna den forsegla konvolutten og las opp vinnartala.

Også Hildur Vollset tykte det hadde vore ein gild vårfest. Heilt på slutten takka ho på vegne av alle for alt vertskapet hadde stelt i stand og servert. Det var ei stor glede å få vere til stades og oppleve ein så gild fest, sa Hildur.

Rasmus Taraldset t.v. og Bjørn Solum heldt takt og tone i allongen.

Rasmus Taraldset t.v. og Bjørn Solum heldt takt og tone i allongen.

Aud Tomasgard Berstad fortalde frå arbeidet i Stranda Frivilligsentral.

Aud Tomasgard Berstad fortalde frå arbeidet i Stranda Frivilligsentral.

Åresalet gjekk unna.

Åresalet gjekk unna.

Vårfest 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380