Lokalnytt

Nærmar seg søknadsfrist frå næringsfondet

Det kan no søkjast på støtte frå det kommunale næringsfond der Stranda har fått 700.000.- kroner til utdeling.
Det kan no søkjast på støtte frå det kommunale næringsfond der Stranda har fått 700.000.- kroner til utdeling.

Næringsfondet i Stranda kommune har fått tildelt 700.000.- kroner, eller same beløp som i fjor. Søknadsfrist er onsdag 30. mars.

Det nærmar seg frist for å søkje om støtte frå næringsfondet i Stranda kommune som er onsdag 30. mars. Næringssjefen i kommunen innstiller på tildeling etter søknad, og formannskapet gjer det endelege politiske vedtaket om tildeling eller ikkje.

– Det er viktig at alle som vil søkje om støtte frå næringsfondet les vedtektene for tildeling så dei ikkje bommar med søknaden sin , seier næringssjef Inge Bjørdal. Reglar og vedtekter finn ein på Stranda kommune si heimeside.

Der heiter det mellom anna at det kommunale næringsfondet skal nyttast til å styrkje nyskaping og næringsutvikling i kommunen. Såleis kan tilskot brukast til både bedriftsretta tiltak og tilretteleggjande tiltak både offentleg og privat. Med bedriftsretta tiltak er meint støtte til utstyr og maskiner, profilering, produktutvikling, kurs/seminar, marknadsundersøking og liknande.

Tilretteleggjande tiltak går mykje på det same, men også på marknadsføring, konsulenthjelp og samarbeidstiltak.

Ved tildeling blir det lagt vekt på om tilskotet vil vere til nyskaping, auka sysselsetjing og om tiltaket også har ein miljø og klimaprofil.

Søknadar skal sendast elektronisk innan onsdag 30. mars. Om ein treng hjelp med utfylling av søknad, ta gjerne kontakt med næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380