Ny, latterfull grendakveld

Bygdarar kom godt frå grendakvelden 2016.

Bygdarane kom godt frå grendakvelden 2016.

Det vart ein latterfull time då Bygdarane inviterte og serverte greinaløyse på den 39. grendakvelden i Hellesylt Ungdomslag.

-Dagane er blitt lenger, det kjem lys i hus som til vanleg er mørklagde, ukjente bilar med skiboks på taket og vi ser framande med tunge handlenett. Då er det tid for grendakveld på Hellesylt-.

Om lag slik ordla Geir Frøysa seg då han på vegne av arrangøren Hellesylt Ungdomslag ønska vel møtt til den 39. grendakvelden laurdag. Storsalen i Sunnylven samfunnshus var fylt opp til siste stol, for mange ville ha med seg Bygdarane sitt program frå scena. Og stemninga var upåklageleg, det vart både greinalaust, men ein kveld med også seriøse innslag.

Gode krydder

Lite hadde siva ut på førehand om det timelange programmet . Det viste seg å innehalde både viser, sketsjar og musikalske bidrag. Mykje arbeid var tydeleg lagt på førehand i å skape gode tekstar, kostymer og på øving. Innhaldet, det var som vanleg ein lapskaus med «gode krydder» i som stadig opna latterdøra for fullt hos publikum.

Vibrasjonar

Programskaparane tok føre seg fleire hendingar i bygda, som dei vinterbadande damene som hadde kontroll på vibrasjonar i sjøen om Åknesraset skulle kome, det vart formidla nyheiter i krøllete ordrim, og intervju med ordføraren.

Fleire nye viser var skrivne, men gode poeng datt litt ut i jubelen. Fornøyeleg var mimrevisa til dei tre festglade gutane som fekk seg kønnøl og vakna opp både her og der dagen etterpå. Besøket av gla`damer var også av innslaga med høg latterfaktor.

Unge komikarar

Innslaget med Ottar Frøysa Hellebostad som komikar Roar Brekke og Birgitte Hellebostad som bloggar Sofie Elise Isaksen tok «kaka» denne gongen. To unge aktørar som bekrefta at rekrutteringa til nye grendakveldar er på plass.

Taket på Sunnylven skule lek. Vi fekk sjå korleis elevane taklar situasjonen når ordføraren sender ut ekstremvervarsel. Då blei det å ta på både gummistøvlar, regnkappe og dykkardrakt inne.

Bandet

Dei årlege grendakveldane i Sunnylven byd også på innslag av seriøs karakter. Vi let oss imponere av unge Simen Frøysa Hellebostad på piano, og bandet med Bertine Lade gitar, Mats Storstein Forbord bass og nemnde Simen på piano i ein Irsk/Country-inspirert låt, eit innslag som viste resultat av godt arbeid i den kommunale kulturskulen.

Grendakvelden heldt fram etter programdelen med servering av spekemat, før Kjetil Grodås sette tonane til dansen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380