Lokalnytt

Nynorskgåve til barnehagane

Grete Bjørdal hadde med ti bøker frå Stranda mållag i ei fin kasse
Grete Bjørdal hadde med ti bøker frå Stranda mållag i ei fin kasse

Torsdag møtte styremedlem i Stranda mållag Grete Bjørdal opp i Sunnylven barnehage med ei kasse med ti bøker i, ei nynorskgåve som alle barnehageborn i Stranda kommune skal få glede av.

Mållaget hadde ikkje god nok økonomi til å kjøpte inn ti bøker til kvar av barnehagane i kommunen. No skal gåva gå på omgang etter tre, fire veker på kvar plass, sa Grete Bjørdal.

Grete Bjørdal viste fram dei fine bøkene ho hadde i ei trekasse som Olav Slettebakk hadde laga. Bjørnegruppa i Sunnylven barnehage fekk i oppdrag å dekorere kassa, eit arbeid hellesylt.info vil vise med bilete når det er ferdig.

Og før nynorskgåva var overlevert, las like godt den tidlegare barnehagetanta frå ei av bøkene om Monsteret. Ei spanane forteljing som Grete levandegjorde så flott for 12 ungar at etter at boka var lese ut fekk ho raskt spørsmålet; -Kan du lese ei bok til?

Styrar Hilde Langlo Brekke takka så mykje for bokgåva frå Stranda mållag og la til; -Vi skal lese alle bøkene og kose oss med dei.

Grete Bjørdal las frå ei av bøkene til ei lyttande forsamling
Grete Bjørdal las frå ei av bøkene til ei lyttande forsamling

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380