Lokalnytt

Olympic-båtar tilbake i oppdrag

Dei to Olympic-båtane har hatt tilhald på Hellesylt frå desember. No skal begge i jobboppdrag.
Dei to Olympic-båtane har hatt tilhald på Hellesylt frå desember. No skal begge i jobboppdrag.

I tre, fire månader har to båtar frå Olympic AS, Fosnavåg lege ved Hellesylt kai. I dag 31. mars løyste fyrst Olympic Ares alle trosser og seinare i kveld dreg Olympic Bibby.

Med tre kraftfulle støyt i båtfløyta slik skikk og bruk er forlet Olympic Ares Hellesylt kai rundt klokka 10.00. Det store flotte skipet der vi var av dei heldige som fekk omvising om bord 5, januar, stemna ut Storfjorden før eit stopp på Sjøholt.

Overstyrmann på Olympic Ares, Robin Nilsen fortel på telefon at etter nokre testar der er det fylling av bunkers i Ålesund, og så går turen mot Aberdeen i Skottland. Seinare skal Olympic Ares i jobb vest for Irland. Det er tilbake i jobb for fullt, seier Nilsen.

Olympic Ares kom til Hellesylt og opplag tidleg i desember i fjor. På spørsmål om korleis dei har hatt det på Hellesylt i snart fire månader, svarer har; -Jau, det er fint på Hellesylt så vi har kosa oss der. Vi har ikkje noko å klage på, men vi hadde no helst lika å vere i arbeid.

No er båt og mannskap på veg til jobbar og hellesylt.info ynskjer dei alt godt. Seinare i kveld 31. mars dreg også det andre skipet, Olympic Bibby frå Hellesylt til jobboppdrag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380