Lokalnytt

Optimistpris til Iris Fivelstad

I 2010 kunne Iris Fivelstad motta Olavsrosa for restaurering av Villa Norangdal, ein kulturattraksjon. Dåverande fylkesordførar Olav Bratland overrekte.
I 2010 kunne Iris Fivelstad motta Olavsrosa for restaurering av Villa Norangdal. Dåverande fylkesordførar Olav Bratland overrekte.

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har tildelt Optimistprisen 2015 til Iris Fivelstad, eigar av Villa Norangdal i Nibbedalen i Sunnylven.

Ein jurye på fem har peika ut hotelleigar og nestkomanderande befal på fregatten KNM Roald Amundsen, Iris Fivelstad til vinnar av Optimistprisen 2015. Juryen på fem har vore Finn Nustad, Astrid Nerhus Dale, Reidar Furset, Stig Tryggestad og Merete Løvoll Rønneberg.

-Det har vore 20 år med beinhardt arbeid, oppturar og nedturar. Men støtta har vore fabelaktig frå mange, skriv Iris Fivelstad i eit tilbakeblikk på åra frå 1996, då ho fekk kjøpe det falleferdige Hotell Norangdal og fram til det vart Villa Norangdal og gav henne ein ny heiderspris, etter Olavsrosa i 2010.

 Les kva prisvinnaren har skrive om seg sjølv:

 «-Eg er fødd og oppvaksen på Hellesylt, som femte generasjon i Reiselivsbransjen.Det var mine tippoldeforeldre som i 1885, etter påtrykk og med 40 kr i støtte av DNT bygde Hotell Norangdal, som dermed er distriktets eldste eksisterande hotell. Hotellet blei seld ut av familien etter 2. verdenskrig, men Besta arbeidde framleis der som kokke til det vart stengt i 1965.

Eg vaks opp med cruiseturismen, og med bakgrunn som tospråkleg, med tysk som andre morsmål, starta eg som bussguide på overlandturane for dåverande Nordfjord og Sunnmøre Billag. Då hadde bestefar og far min vore sjåførar, og mor mi var og er framleis guide.

Frå 18 års alderen hadde eg sommarjobb på Grand Hotell Hellesylt. Etterkvart byrja eg å leike med tanken om å kjøpe og restaurere familieklenodiet og kulturarven; Hotell Norangdal. Samstundes var reiselysta stor, og oppveksten med cruisetrafikken gjorde meg maritimt interessert. Planen var å bli Cruisekaptein.

Etter Vidaregåande, då eg endeleg fylte 20 år, blei eg gamal nok til å få jobb som assistant purser/resepsjonist hos Norwegian Cruise Line. I tida om bord kom Hotell Norangdal for sal på tvangsauksjon i 1996, og medan eg var på overlandtur i Athen, på Akropolis, kom beskjeden om at eg hadde fått tilslag på Hotell Norangdal for kr 10 000 pluss omkostninger.

Det har vore 20 år med beinhardt arbeid, oppturar og nedturar, brann, frose vatn, takskade etter orkan, og vasslekkasje på kjøkken, og veldig mykje læring og mest glede. Støtten frå nærmiljøet, venner, naboar og familie, samt den lokale banken og lokale leverandørar har vore fantastisk.

Sesongen 2015 blei den beste til no, med gjester frå Midtausten, Kina og Sør Amerika i tillegg til norske turfolk.

Sidan eg blei bitt av den maritime basillen valde eg utdanning i Sjøforsvaret, der eg fekk lønn under utdanning. Eg heldt fram etter Befalsskule og Sjøkrigsskule. Eg er no Nestkommanderande på fregatten KNM Roald Amundsen, og har totalt 10 år på havet som navigatør, og innehar det høgste maritime sertifikatet; D1. I tillegg har eg landtjeneste ved Forsvarets Operative Hovedkvarter i Bodø, og militære stabsstudier frå Baltic Defence College i Estland.

Eg trives svært godt med karrieremuligheitene i Forsvaret, der eg bl a får sett mykje av Norge og mykje av verda, og ynskjer å halde fram med å kombinere jobben i Forsvaret og utvikling av firmaet mitt heime. Eg har vore folkeregistrert på Hellesylt heile vegen reknar meg som heime der.

I tillegg har interessa for interiør og design vakse fram då eg fekk eit hotell å innreie, og saman med Ellen Fivelstad, som eig og driv kaffebar på Hellesylt, og samstundes no fungerer som dagleg leiar for Villa Norangdal, så er det ei felles interesse å reise, sjå og oppleve, og deretter omsetje denne inspirasjonen til tiltak/tilbod og utvikling av eigne produkt i Reiselivet heime på Hellesylt.

 Det er ei utfordring å knekke nøtter, å få til det som ein ikkje skulle tru var mogleg, mot alle odds. Vere kreativ, tenke nytt og å skape ei lita bedrift. Det er mange slike på Sunnmøre, og ikkje minst i vår kommune, både gamle og nye førebilete, difor er eg veldig stolt og audmjuk for å få denne prisen-».

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380