På pallen i Vasaloppet

Lyn-løparar i Hellesyltløpet 2012. Frå høgre Sondre Grønvold, Hans Christer Holund og Andres Mølmen Høst.

Lyn-løparar i Hellesyltløpet 2012. Frå høgre Sondre Grønvold, Hans Christer Holund og Anders Mølmen Høst.

Lyn Ski-løparen og vinnar av Hellesyltløpet Anders Mølmen Høst spurta inn til tredje plass i det 90 km. lange Vasaloppet søndag.

Det vart massespurt om sigeren i Vasaloppet i år. Mellom dei som spurta best var Anders Mølmen Høst som går på langløpslaget Team LeasePlan Go. Han fekk tredje plass, 1.1 sek. bak vinnaren John Kristian Dahl, Team United Bakeris.

Ander Mølmen Høst er kjent på Hellesylt og i terrenget rundt etter å ha delteke fleire somrar på den årlege treningsveka under Lyn Ski-trenar Hans Kristian Stadheim. Treningsveka har alltid blitt avslutta med deltaking i Hellesyltløpet.

Anders Mølmen Høst vann og sette løyperekord der i 2012 med 21.16, ei rekordtid som vart forbetra med eitt sekund av klubbkollega Henrik Bakke i fjor. Anders har både andre og tredje plass frå Hellesyltløpet, og kjem på ny treningssamling til Hellesylt i veka før Hellesyltdagane også i år.

Knut Anders Hatlen, Stranda IL gjekk Vasaloppet på 4.20.40 søndag. Det heldt til 138. plass, ca. 12.00 minutt etter vinnaren.

Premiepallen i Vasaloppet. Frå venstre Stian Hoelgaard, John Kristian Dahl, Andres Mølmen Høst.

Premiepallen i Vasaloppet. Frå venstre Stian Hoelgaard, John Kristian Dahl, Anders Mølmen Høst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380