Påskemusikal med Joyful

På nytt fekk kyrkjelyden i Sunnylven høyre påskemusikalen «Har du hørt det» av Alf Georg Østerbrøt. Det skjedde i Sunnylven kyrkje palmesøndag.
Som heilt sidan tidleg på 90-talet var det ungdomskoret Joyful under leiing av Kristin Storstein som stod for song og dramatisering av påskemusikalen. Det vart ei ny, flott framføring som dei mange i kyrkja takka for med applaus,
I syngespelet får vi vere med på Jesus si vandring dei siste dagane i hans liv, frå han blir hylla som konge og frelsar, til han blir sviken og folket ropar krossfest han, slipp Barabass fri.
Det endar i glede med oppstoda 1. påskedag. Ein flott og gripande musikal av hendingar gjennom påskeveka, og flott framført i song og forteljing av tretten flotte ungdomar og deira leiar.