Peer Gynt Galleriet AS i pluss

Onsdag 16. mars er det generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS: 1. mai opnar drifta for sesongen.

Onsdag 16. mars er det generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS: 1. mai opnar drifta for sesongen.

Onsdag 16. mars er det generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt. Etter sal av eigedomen Hægstad Gård og relieff kom selskapet ut med positive driftsresultat.

Etter raude tal for Peer Gynt Galleriet AS i 2014 er årsresultat i pluss for fjoråret. Resultat skuldast i hovedsak sal av eigedomen Hægstad Gard og seks av selskapet sine relieff. Bileta blir ståande i kunstgalleriet.

Trenden i drifta er likevel god etter som salsinntektene har auka og driftskostnadane har gått ned. At selskapet har hatt god styring kjem tydeleg fram etter som salet har auka med 200.000.- med same varekjøp og driftskostnader som året før. I tillegg har lønskostnader har gått ned med 100.000.- kroner i høve til 2014.

Ser ein bort frå regnskapsmessig gevinst frå sal av eigedom, er driftsresultatet negativt, men gjennom salet har selskapet redusert sine lån vesentleg.

-Styret meiner at føresetnadane for vidare drift er til stades, og årsregnskapen for 2015 er sett opp under den føresetnaden. Arbeidet med å redusere kostnader og auke inntekter, primært på galleriet må imidlertid vidareførast med uforminska styrke i 2016 for å sikre ei framtidig drift som er i balanse-, står å lese i styrets årsberetning.

Innkalling til generalforsamling med regnskap og årsberetning ligg på selskapet si heimeside: http://peergyntgalleriet.no/

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380