Reiser fyrst i april

Ares og Bibby har hatt rolege månader ved Hellesylt kai. Tidleg i april løyser det trossene og seglar.

Ares og Bibby har hatt rolege månader ved Hellesylt kai. Tidleg i april løyser dei trossene og seglar.

Dei to båtane frå Olympic AS Fosnavåg, Ares og Bibby har hatt tilhald ved Hellsylt kai frå før jul i fjor. Rundt 1. april reiser fyrst Olympic Bibby og nokre dagar seinare Olymbic Ares.

Etter nokre testar av styring og andre funksjonar reiser dei to båtane som har hatt kaiplass på Hellesylt ein av dei fyrste dagane i april. Og ein månad seinare kjem det fyrste cruiseskipet til kai. Det fortel driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole.

Cruisesesongen har mange innmeldte båtar, 124 til Hellesylt og 189 i Geiranger. Den fyrste til kai på Hellesylt er Boudicca som kjem 8. mai og med 856 passasjerar, og deretter går det slag i slag.

Ligg natta over

Den 3. juni kjem Arcadia med 2388 passasjerar og legg til kai på Hellesylt klokka 19.00. Båten blir liggande over natta til neste dag, og det same blir Queen Elisabeth som er ny på Hellesylt i sommar og kjem 18. juni med 2175 passasjerar. Cruiseskipet legg til kai kokka 21.00 og går vidare fyrst neste morgon.

Ved desse to høva burde vel turistnæringa på Hellesylt markert seg med arrangement for turistane i ei eller anna form. Kanskje leikarringen er klar for nye oppdrag på Hellesylt kai, kanskje burde Peer Gynt Galleriet utvide opningstidene ved desse høva, eller andre ting. Det er enno tid å planlegge på.

Gå til Eksterne lenker på www.hellesylt.info og klikk deg inn på Stranda Hamnevesen for å sjå heile cruiselista for 2016.

Offentlege toalett

Hellesylt vil få nye offentlege toalett til sesongen. Alle avtalar er klare for tilrettelegging av offentlege toalett ved Sunnylven samfunnshus. Det skal lagast ein ny inngang med litt ombygging inne i vestibylen. Inge Hole opplyser at Stranda Hamnevesen kostar ombygginga og kommunen skal stå for reinhaldet. Det heile skal vere klart til bruk 1. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380