LokalnyttLokalsport

Rekordframmøte på premiefest

Det blenkte i gullmedaljer under premiefesten for Sunnylvscupen på ski.
Det blenkte i gullmedaljer under premiefesten for Sunnylvscupen på ski.

Rundt 200 personar møtte på Sunnylven samfunnshus då skigruppa i Sunnylven IL arrangerte påskebingo og premiefest for Sunnylvscup på ski.

Det var fantastisk å sjå så godt frammøte år etter år på dette påskearrangementet, sa leiar i skigruppa i Sunnylven IL, Hans Hole. Han helsa vel møtt til eit fullsett samfunnshus tysdag kveld der det var påskebingo og premiefest for Sunnylvscup på ski 2016. Hole fortalde også litt om aktiviteten til skigruppa, om treningane som foregjekk både sommar og vinter og der dei hadde eit godt samarbeid med skiskyttargruppa som også var aktiv i Sunnylven IL. Akkurat no var deltakarar som representerte laget på renn få, men resultata var gode både lokalt, på krinsnivå og delevis nasjonalt, sa Hole.

For å drive ei aktiv skigruppe er det behov for hjelp frå fleire. Leiaren gav ros til mellom anna til dei to sjåførane på løypemaskina, Tor Odd Kjellstadli og Trond Åge Dyrkorn. Dei la ned mange timar gratisarbeid i både vedlikehald av trakkemaskina og løypepreparering. Han overrekte dei to kvar sitt gåvekort frå skigruppa som takk for innsatsen.

Hans Hole trekte også fram foreldra som var positive og stilte på og ved skiarrangement i Hyttehola. Det var berre fantastisk å registrere, sa han.

Sunnylvscupen 2016 var, om ikkje med rekorddeltaking så var det ein av dei aller beste. Heile 82 unge gutar og jenter hadde delteke og fekk sine blanke medaljer utdelte av to frå skigruppa, Linn Kammen og Anniken Hjellbakk Hole.

Andre som fekk ekstra gåve for god innsats i vinter var 14 år gamle Kristine Hjellbakk Hole som vart krinsmeister, Sparebanken Møre Cup-vinnar, og ikkje minst gjekk til ein sterk 9. plass i Ungdommens Holmenkollrenn der løparar frå heile landet deltok.

Leiaren i skigruppa opplyste at det skal byggjast mellom anna nytt klubbhus og garasje i Hyttehola. Planane er klare og søknaden om støtte og spelemiddlar ligg langt framme på prioriteringslister. Om ein kom i gong med bygging i år var på det uvisse enno.

Aller yngste klasse i Sunnylvscupen talde mange stolte medaljevinnarar.
Aller yngste klasse i Sunnylvscupen talde mange stolte medaljevinnarar.
Tor Odd Kjellstadli til venstre og Trond Åge Dyrkorn fekk gåver og takk frå leiar Hans Hole.
Tor Odd Kjellstadli til venstre og Trond Åge Dyrkorn fekk gåver og takk frå leiar Hans Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380