Lokalnytt

Ribb-båten fekk namnet «Sunnylvsfjord».

Eit bearbeida villsauskinn var gåva frå Bonsaksen til gudmor Iris Fivelstad
Eit bearbeida villsauskinn var gåva frå Bonsaksen til gudmor Iris Fivelstad

Palmesøndag var det båtdåp i Geirangerfjorden. Der fekk den nye Ribben til familien Bonsaksen på Øvre Ljøen sitt namn. Gudmor var Iris Fivelstad.

Rundt tretti personar var med til dåpsseremoni ved Dei sju systre i Geirangerfjorden søndag. Turen dit og tilbake gjekk med både to lettbåtar og med «dåpsbarnet». Dei sju systre var lite å sjå av denne dagen, berre to synte seg om enn i beskjeden målestokk mot vanleg villskap. På andre sida av fjorden briska Friaren seg litt meir, men er fortsatt «ungkar».

Gudmor, orlogskaptein og nestkommanderande på fregatten KNM Roald Amundsen hadde ikkje bruk for vatn til dåpsseremonien. Som seg hør og bør skulle Ribb-båten døypast i champagne og den var medbrakt.

Det var ei stor ære å få vere gudmor til den fyrste Ribb-båten som var kjøpt inn på Hellesylt, sa Iris Fivelstad. Ho håpa trafikken ville gje grunnlag til fleire etter kvart. Dermed spratt korka og båten med tolv passasjerplassar og motorkraft på 450 hk vart behørig dynka i champagne både langs sida og i baugen og døypt til å heite «Sunnylvsfjord».  Gudmora la til dei kjende orda om at hell og lukke måtte følgje med på alle turar. For dåpsjobben overrekte Bente Bonsaksen ei gåve til Iris, eit bearbeida villsauskinn, laga av sau frå eigen gard på Ljøen og inngravert namn og datoar på baksida.

Ribb-turen på palmesøndag var ei ny, men frisk oppleving. I lett regn og frisk bris fekk vi føle naturkreftene og hestekreftene når skipper Frank Bonsaksen let dei to motorane få «sparke frå». Hald dokke godt fast var beskjeden før vi sette fart ut Sunnylvsfjorden frå småbåthamna på Hellesylt. Vi såg på klokka då vi drog frå Dei sju systre på heimveg. Det tok 15. minutt før vi var på land på Hellesylt igjen.

[metaslider id=12850]

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380