Skaut ti blanke

Under krinscupavslutning i skiskyting skaut Elias Helset frå Sunnylven IL ti treff av like mange mulige. Då vart det ugle i ekstra premie.
-Eg har vore nær mange gonger, men det har blitt med minst ein bom. I dag lukkast eg heilt perfekt så då fekk eg ugla som eg har håpa på i alle renn i heile vinteren. Og ikkje nok med det, eg vann mi klasse under rennet med klar margin. Trur eg var eit og eit halvt minutt føre neste på resultatlista. Ei god sesongavslutning som gjer at eg skal satse på skiskyting også neste vinter-.
Det sa Elias Helset, ein strålande nøgd 11-åring med ugla, det ettertrakta trofeet i handa. Det må stødige og gode avtrekk til for å få dette trofeet, eit bevis på ein god skiskyttar.