Lokalnytt

Skidag ved Sunnylven skule

A 1

Tysdag var det skidag ved Sunnylven skule. Turen gjekk med buss over fylkesgrensa til området ved Hornindalssætra.

I stålande sol og fleire minusgrader drog heile Sunnylven skule på ski tysdag 8. mars. To store bussar var hyra inn for å frakte rundt 85 elevar og lærarar til eventyrlege vinterforhold like over fylkesgrensa til Hornindal.

I fjor hadde Sunnylven skule skidag på Strandafjellet der skitrekka vart flittig brukt, men i år skulle det gåast med «eigen motor» som det har vore vanleg annakvart år.

Dei yngste klassene la turen sin mot sætra under Hornindalsrokken, og dei eldste klassene brukte den lange, flotte turløypa til Hornindal IL som går frå Hornindalssætra til Grendadalen. Fleire av elevane gjekk heile løypa, også runden rundt i lysløypa som vart ein skitur på nær 2.5 mil.

Ein flott skidag vart avslutta med alle samla på sætra til skileik, grilling og inntak av anna niste, kakao og appelsiner.

Her er ein bildekarusell frå skidagen:

[metaslider id=12642]

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380