Lokalnytt

Skuletak lek, kommunen vil tette

Det var tett mellom bøtter og andre kar på Sunnylven skule under mildver i februar i år.
Det var tett mellom bøtter og andre kar på Sunnylven skule under mildver i februar i år.

Taket på Sunnylven skule og samfunnshus lek. No tek Stranda kommune grep og utbetrar lekkasjane.

I fleire år har det flate taket på Sunnylven skule og over vestibyle og toalett i samfunnshuset hatt vasslekkasje. På nedbørsdagar og under mildver vinterstid har det vore tett mellom spann og andre kar for oppsamling av vatn som har kome ned frå himlingen inne. Lekkasjane har vore uråd å finne og få tetta.

No tek Stranda kommune grep og vil renovere heile taket, både over skulen og samfunnshuset, Og etter kontakt med økonomiavdelinga ser det ut til at kommunen vil finne dekning for kostnadane, fortel kommunalsjef plan og utvikling Steinar Belsby.

Detaljer i kva arbeid som skal gjerast er ikkje klare enno, men det blir ein betydeleg kostnad så det blir lyst ut på anbod. Det kan bli aktuelt å høgde gesimsane for å få plass til etterisolering av taket, og slukane og nedløpa vil bli kontrollert, seier Belsby.

Planen er å få utført arbeidet i løpet av sommaren og Steinar Belsby håper taket er renovert ferdig og tett til skulestart til hausten.

Lekkasje 1

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380