Slettene Jaktlag vann

Sunnylven Skyttarlag sin bedriftscup i miniatyr vart avslutta med finale onsdag 16. mars.
Etter flott skyting av Slettene Jaktlag under heile cupen og spesielt i tredje runde var det nesten avgjort kvar sigeren ville gå før finalen. Også der kom laget godt frå skytinga, likt med Nebbedalen Jaktlag, men begge måtte sjå seg slått av laget som kom på tredje plass totalt i cupen, Ole Ringdal AS 3.
(Alle foto: Rune Tryggestad)