19. april 2026

Suksess med 4H-aking

Ake 1

Fjellrosa 4H inviterte til akedag i Kjellstadli søndag. Der var både bakkar, snø og masse god servering så dagen vart ein suksess.

Frammøtet talde 24 store og små på akedagen i Kjellstadli på søndag, fortel 4H-rådgjevar Silje Stadheim. Hos Ester Kjellstadli, som er den andre 4H-rådgjevaren i Fjellrosa vart det stor aktivitet i bakken heile dagen med både brett og kjelke. Også luftige svev frå snøhopp var morosame greier.

I ein gapahuk like ved vart det servert tomatsuppe med makaroni, pinnebrød og varm saft.

Akedagen var på alle måtar vellukka sjølv om sola var gøymd bak skyene denne dagen.

(Alle foto: Silje Stadheim)

Ake 2

Ake 4

Ake 3

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →