«Ta sjansen Hellesylt 2016»

Badestranda på Hellesylt blir arena for "Ta sjansen", eit nytt innslag under Hellesyltdagane.

Badestranda på Hellesylt blir arena for «Ta sjansen», eit nytt innslag under Hellesyltdagane.

Det er sendt ut 32 innbydingar til «Ta sjansen» i sjølvbygd båt på badestranda søndag under Hellesyltdagane. Eit nytt konsept som arrangøren håper både deltakarar og publikum vil ha moro av.

Eit nytt innslag vil sjå «dagens lys» under Hellesyltdagane 2016. Då inviterer festivalkomiteen til det dei kallar «Ta sjansen Hellesylt 2016» på badestranda søndag 10. juli. Startskotet for det som vil bli ein sjøsprutande og våt konkurranse er klokka 13.00.

Konseptet er det same som vart sendt på NRK på 90-talet, å bruke ein sjølvbygd båt ned ei rampe og kome raskast fram til målet og ringe i ei bjølle. Det er sendt ut 32 innbydingar til bedrifter om å melde seg på, men berre 15 får startplass. Så her gjeld det om å vere tidleg ute, og dei som får vere med får både logoreklame på storskjermen ved utescena og redaksjonell omtale i messeavisa, lovar arrangøren. Båtane skal ha namn og skal utstillast på Hellesylt tidleg på laurdag. Arrangøren tek hand om båtane frå dei er utstilt til konkurransen søndag.

Reglar for å delta

Deltakarbåtane skal skli ned ei rampe før den møter vassflata og vidare mot målet. Rampa blir bygd for arrangementet og blir fjerna etterpå. Det er fagfolk frå HT Bygg AS Hellesylt som er ansvarlege for konstruksjonen der båtane rullar nedover til vassflata på ein vogn med hjul. Raskaste båt vinn pokal og eit gåvekort, medan ein jury vil kåre den tøffaste og mest kreative båten.

Deltaking skjer på eige ansvar og komiteen står ikkje ansvarlege for eventuelle personskadar. Ellers gjeld spesielle reglar som vi tek med nokre av her;

*Alle skal ha flytevest og hjelm, båten skal vere maks 1.5 meter brei og 2.5 meter lang og største vekt 60.0 kilo.

*Maksimum to personar kan vere i båten som må halde seg flytane og skal fjernast av eigar etter bruk.

*Arrangøren kan nekte deltakarar å starte om reglane ikkje vert følgde, eller ved mistanke om akoholbruk.

Om nokon har lyst å delta i «Ta sjansen Hellesylt 2016», men ikkje har fått invitasjon oppmodar arrangøren dei om å ta kontakt, både for utfyllande reglar og for påmelding.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380