Tre plakettvinnarar i Fjellrosa 4H

33 fekk 4H-laketten i 2015. Mellom dei var Lars Kvam Karbø, som tre fremst frå venstre på bildet.

Plakettvinnarar i 2015. Mellom dei var Lars Kvam Karbø, som tre fremst frå venstre på bildet. (Foto: 4H-Møre og Romsdal)

Møre og Romsdal 4H har halde årsmøte med val, og premiering og utdeling av plakettar og vitnemål til 4H-medlemer. Tre vinnarar kom frå Fjellrosa 4H.

Under årssamlinga til Møre og Romsdal 4H i Malmefjorden vart 33 4H-medlemer tildelt plakett og vitnemål. Heidersbeviset får alle som har fullført minst sju år med 4H-prosjekt og vore aktive i sin lokale 4H-klubb. 4H-klubben Fjellrosa i Sunnylven hadde heile tre plakettvinnarar i 2015, Anette Frøysa, Irene Trøen Frøysa og Lars Kvam Karbø. Berre sistnemnde av dei tre hadde høve og var til stades under plakettutdelinga.

Ny styreleiar

Møre og Romsdal 4H fekk ny styreleiar og ein ny styremedlem under årssamlinga og består av;

Ordførar: Aud Solveig P. Malmedal (1 år)

Varaordførar: Lina Marie Bjørkedal (1 år)

Leiar: Berit Fredriksen (1 år)

Styremedlem: Gunnhild Krekvik (2 år), Dag Hennum (2 år), Martin Noe Krakeli (1 år).

Varamedlemer: Jørgen Malmedal, Sunniva Gjøen Rydjord, Mari Bøe. (alle 1 år)

Dagleg leiar i 4H Møre og Romsdal er May Britt Skjortnes.

«Årets klubb 2015» vart Freidig 4H frå Bjørkedalen i Volda kommune. Prisen fekk dei grunna eit aktivt år med mykje friluftsliv for store og små.

Det blei også delt ut premie til klubbar som har delteke på fylkets dyrkingskonkurranse. Her gjekk Straumen 4H frå Sykkylven av med hovedpremien på 5.000.- kroner og som klubben vil bruke til miljøfremmande tiltak.

I alt 55 personar deltok på årsmøtet i Møre og Romsdal 4H. Over halvparten av desse var under 18 år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380