Lokalnytt

«Under Kopen» til topps

Vinnarlaget i påske-Quizen på Peer Gynt Galleriet. (Foto: Peer Gynt Galleriet)
Vinnarlaget i påske-Quizen på Peer Gynt Galleriet. (Foto: Peer Gynt Galleriet)

Det mannsterke Quiz-laget «Under Kopen» gjekk til topps på Peer Gynt Galleriet sin påske-quiz onsdag.

Heile 126 påmeldte fordelt på over 20 lag kjempa om poeng og ære under påske-quizen på Peer Gynt Galleriet. Quiz-master Arild Ringdal hadde sett saman 50 spørsmål frå nyare tid over tre rundar og der deltakarane måtte rote godt i hjernemassa etter rette svara.

Sigeren gjekk til slutt til «Under Kopen» med Svein Erik Frøysa, Lars Fivelstad, Hans Kristian Stadheim, Gunnar S. Fivelstad, Fredrik Stadheim og Fredrik Helset på laget. Etter ein dårleg start i fyrste runde, «skjerpa» laget seg og vann med eitt poeng på Die Mannchaft. Det sigrande laget vart belønna med 1000.- kroner, påskeegg med godteri og ei «Hellesyltrose», mør frå Ole Ringdal AS til kvar.

Resultatliste:

  1. Under Kopen 35,5
  2. Die Mannchaft 34,5
  3. Hole and One 33,5
  4. Renndølene 32
  5. Morten Z 28,5
  6. Beates utvalgte 28
  7. Anne Merete &co 26
  8. Feriekameratane 26
  9. Kvass-Haugen 25,5
  10. Fifty Shades of Blonde 25
  11. Klasgarden 24
  12. Resamafiaen 23
  13. Olympia Bibby 23
  14. Nabolaget 22
  15. Team X 21
  16. Brautene 11 19,5
  17. Kjells Venner 19,5
  18. Team Cola 18,5
  19. Vi på 20 + – 17
  20. Påskekyllingane 15
  21. 1+4. 15
x-20160323_192911_LLS
Mykje folk på påskequiz.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380