Vårtreff på Hellesylt

I morgon onsdag er det Vårtreff på Hellesylt med Sunnylven pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag som vertskap.
Etter fleire dagar med varmegrader har mykje av snøen smelta bort og alt tyder på at våren er i kjømda. Det markerer Sunnylven pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag med å invitere til fest med underhaldning, servering og utlodding på Sunnylven kyrkjelydshus.
Den tradisjonelle Vårfesten på kyrkjelydshus er onsdag 30. mars. Festen startar klokka 16.00, eit tidspunkt som er sett for at både dei som jobbar og dei som er tilreisande skal rekke festen.
På festen orienterer Aud Tomasgard Berstad om Frivillighetssentralen på Stranda, Bjørn Solum og Rasmus Taraldset underheld med song og musikk og det blir utdeling av merker i Den Gyldne Spaserstokk, ein eldretrim i samarbeid mellom Sparebanken Møre og sanitetslaget.
Til servering lovar vertskapet koldtbord, kaffi og kaker, og til slutt blir det åresal og utlodding av mange flotte gevinstar.
«Ta deg tid til å vere saman med andre til prat og god mat», står det å lese til slutt i innbydinga der Sunnylven pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag ynskjer vel møtt til alle.