Lokalnytt

Årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum

Gamleskulen på Hellesylt skal målast utvendig i løpet av våren/sommaren. Fargane blir dei same, kvitt med grøne lister.
Gamleskulen på Hellesylt skal målast utvendig i løpet av våren/sommaren. Fargane blir dei same, kvitt med grøne lister.

Gamleskulen aktivitetsmuseum har halde årsmøte med ti medlemer til stades. Den 118 år gamle skulestova på Hellesylt er i god stand, men meir vedlikehald er planlagt.

Årsmøtet 4. april vart halde i den gamle skulestova der den gamle, restaurerte vedomnen sytte for behageleg romtemperatur.

Leiar i styret, Kari Hauso Stadheim ønska vel møtt og refererte årsmeldinga for 2015. Siste året hadde foreininga 130 betalande medlemmer. Av vedlikehald siste året tek vi med frå årsmeldinga at den gamle vedomnen vart restaurert og er no i topp stand. Det er sett inn tre gamle fyllingsdører mellom romma inne, dører som er frå gamle Ringstad skule og som Svein Rusten har gjeve til gamleskulen på Hellesylt.

Av ytre vedlikehald er det skifta ut roteskada bordkledning og deler av ein vannstokk. Etter at taket vart reparert er skulehuset no i god stand, men det er kjøpt inn og planlagt eit strøk måling utvendig i løpet av vår/sommar.

Gamleskulen var open for innsteg både under Hellesyltdagane og ved eit førjulsarrangement. Besøket var godt ved begge desse, står det å lese i årsmeldinga. Årsmøtet vedtok opa skulestove også under årets Hellesyltdagar.

Økonomien i Gamleskulen aktivitetsmuseum er bra. Det har blitt jobba godt for å betale ned kostnaden med å reparere taket i 2013 som kom på mellom 250 – 300.000.- kroner. -At vi også i 2015 fekk Gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre på 40.000.- kroner set vi pris på, står å lese i årsmeldinga.

Kulturmiddlar frå Stranda kommune til istandsetjing av ei snarrås frå bedehussvingen til skulen, medlemspengar, gåver og inntekter frå arrangement var andre inntektskjelder siste året og som i hovudsak gjekk til betaling av vedlikehald og lån.

Årsmøtet vedtok uendra medlemskontingent på 100.- kroner for 2017.

Val.

Solfrid Onsøien Lien hadde sagt frå seg attval i styret. Eldrid Skrede vart nytt styremedlem. Styret i Gameskulen aktivitetsmuseum er:

Leiar, Kari Hauso Stadheim (2 år), Odd Jostein Bjørdal, Roar Folke Ljøen, Marit Ljøen (2 år), Eldrid Skrede (2 år).

Varamedlemer: 1. Arne Ringdal, 2. Stein Karstensen, 3. Fredrik Stadheim (Alle for 1 år)

Valnemnd: Liv Jorunn Sporstøl, Solfrid Onsøien Lien (Begge 1 år)

Gamleskulen fekk nytt tak i 2013, godt utført arbeid av HT Bygg Hellesylt og dei to polske arbeidarane Krzyztof nærast og Lukaz.
Gamleskulen fekk nytt tak i 2013, godt utført arbeid av HT Bygg Hellesylt og dei to polske arbeidarane Krzyztof nærast og Lukaz.
Det blir opa skulestove under Hellesyltdagane i juli, truleg både laurdag og søndag. Her frå eit arrangement før jul i fjor.
Det blir opa skulestove under Hellesyltdagane i juli, truleg både laurdag og søndag. Her frå eit arrangement før jul i fjor.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380