Åtte lag fekk drakter

Snøen smeltar og Hellesylt stadion er grøn. Søndag fekk åtte aldersbestemte lag utdelt drakter frå Sunnylven Fotball.
Fotballfamilien er stor i Sunnylven. På ei liste hellesylt.info har fått frå Fotballgruppa er oppført 68 gutar og jenter frå J 07 og G 07 til G 14 og J 16. På Kickoff søndag fekk alle speledraktene utlevert og kunne i tillegg handle strømper, fotballsko og leggbeskyttarar. Saman med draktene fekk kvar spelar også forbokstavane i namna sine. Desse vart foreldra bedne om å feste på høgre side av drakta. Det er greitt å merke fotballutstyret så finn ein det igjen både før og etter kampar.
Leiinga i yngres avdeling fortel at det har vore eit puslespel å sete saman laga slik at alle som vil får lov å spele fotball. Difor har nokre av laga overårige spelarar som har fått dispensasjon frå fotballkretsen.
Også trenarar og oppmenn er på plass for alle laga, seier Åse Støverstein Ringdal i yngres avdeling. Så dermed skulle alt vere klart for trening og fotballkampar for åtte aldersbestemte lag frå Sunnylven.