
På Ljøen er førebuingane til sommarkonsert med Pål Angelskår i gong, ein utekonsert i eitt av naturens vakraste amfi.
Søndag 10. juli blir Hellesyltdagane avrunda med utekonsert på Øvre Ljøen. Dit kjem musikar og forfattar Pål Angelskår og band, ein artist som har hausta gode omtalar i media det siste året.
Også i fjor vart det halde avslutningskonsert i naturamfiet på Øvre Ljøen med artisten Egil Olsen frå Ørsta. Det vart ein suksess som frista til gjentaking og kan bli årviss, seier Ole Hjalmar Bonsaksen. I år satsar han på store forbetringar av scene og publikumsamfi, mellom anna er han i gong med bygging av ei stor scene på 40 kvadratmeter, og etter kvart kjem der ein gapahuk i bakken ovanfor, fortel den frisktsatsande ungdomen på Øvre Ljøen.
Saman med bror sin Magne og andre gode hjelparar jobbar dei no for å gjere denne eventyrlege, naturskapte konsertstader med utsikt mot Geirangerfjorden og Verdsarven brukarvenleg for publikum. Kanskje så mange som 500 personar vil få plass på det innegjerda området, seier Ole Hjalmar Bonsaksen. Han gler seg til sommaren som kan kome til å by på nye, overraskande arrangement på området, men også til konserten med Pål Angelskår 10. juli. Det blir ein stor kveld på Ljøen, trur han.
Sjå også; https://www.hellesylt.info/2016/01/pal-angelskar-band-til-ljoen/