Lokalnytt

Eldre lærer databruk

Data A

Kaffipause høyrer med. Frå venstre Elsa Hovde, Anne Marie Stokke, Aud Tomasgard Berstad og Solveig Helset.

Torsdag var eldre frå Stranda og Hellesylt samla på Sunnylven kyrkjelydshus for å lære databruk. Seniornett i Stranda starta opp i 2013.

Det er Stranda Frivilligsentral som står bak Seniornett og opplæring i databruk. Leiar for Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad har mange databrukarar med på desse treffdagane tredje kvar veke, på Stranda er det kring femten og på Hellesylt åtte. Torsdag var mange av dei til stades på Sunnylven kyrkjelydshus og utveksla kunnskapar.

-Dei fleste har brukt data tidlegare, men ønskjer å lære meir og melder dei seg på. Og så er det både triveleg og sosialt å kome i lag med andre frå andre bygder. Difor tok vi turen til Hellesylt i dag, sa Aud Tomasgard Berstad.

På Hellesylt har ho Tor Tryggestad som kontaktperson, og torsdag var Solveig Helset, Lars O. Fivelstad og Odd Jostein Bjørdal til stades og fortalde og rettleia.

-Vi skal ikkje bli dataekspertar sjølv om enkelte kan mykje frå før, men vi lærer om bildebehandling, sende e-post og andre tenester.

Seniornett vart starta opp av Stranda Frivilligsentral. Aud Tomasgard Berstad er opa for å få i gong også andre aktivitetar på Hellesylt og ynskjer å få tips. Kanskje blir det lettare å registrere ynskje og behov no når to frå Sunnylven, Marianne Fivelstad og Anita Langeland er komne med i styret for Stranda Frivilligsentral, seier ho.

Rundt borde frå venstre: Bjørg Hovlid, Einar Dalheim, Ellen Dalheim, Sverre Drege, Kari Drege, Tor Tryggestad, Arnfinn Tryggestad, Astrid Taraldset. Også Asbjørn Aure var til stades på Seniornett.
Rundt bordet frå venstre: Bjørg Hovlid, Einar Dalheim, Ellen Dalheim, Sverre Drege, Kari Drege, Tor Tryggestad, Arnfinn Tryggestad, Astrid Taraldset. Også Asbjørn Aure var til stades på Seniornett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380