Lokalnytt

Fantastisk med X2 Festivalen

Laurdag A1
.

Dårleg ver øydela alt for X2 Festivalen sine luftsportar i Sunnylvsbygda fredag. Det vart lang dag venting for deltakarane, men så kom laurdag med fantastiske forhold.

Fredag vart ein vanskeleg dag for luftsportaktivitetane i X2 Festivalen. Det enda med fire hopp frå Helsetkopen som det einaste. Fyrst var det tekniske vanskar for helikopteret, men eit nytt kom på plass. Så var det veret som ikkje spela på lag noko som enda med at ikkje noko av konkurransane kunne gjennomførast. I fjellet var det både sterk vind, tett tåke og etter kvart snøbyger.

Laurdag vart ein kjempedag og aktiviteten starta like over klokka 09.00. Frå Helsetkopen var det kvalifisering semifinale og finale i XBase, og i luftrommet over Helset og Storstein vart det gjennomført både Speedflying og Fallskjermhopping.

Det vart rett og slett ein fantastisk dag for luftsport. Og deltakarane rosa det dei fekk vere med på, det vart brukt ord som fantastisk om området og fjella i Sunnylvsbygda.

Laurdag H
.

Michael Sundby frå Oslo hoppa frå Helsetkopen med fallskjerm, men utan vingedrakt. Han var kjent i området frå fyrste gong i 2013 og opplevinga å hoppe frå det 1246 meter høge fjellet og lande ved Helsetvatnet var like stor kvar gong, Han tok seg tid til ei grillpølse frå bålpanna og så var det tur til toppen igjen for ein ny flygetur.

Grete Viste frå Stavanger var med i Fallskjemhopping. Helikopteret tok deltakarane opp til 6000 fot eller ca. 2000 meter. Det var ein nydeleg tur i fantastisk natur, sa ho og hasta tilbake til helikopteret frå Storstein for å få løft til nye hopp.

På andre sida av dalen kom Speedflyarar ut for fjellet med ski og fallskjerm etter å ha start på snøbreen på Helsetkopen. Å lande på ei snøfri flate nord for Helsetvatnet med ski på beina gjekk flott og var ei ny oppleving å sjå.

Laurdag D
.
Laurdag C
.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380