Fjellrosa 4H på gardsbesøk

Medlemmane i Fjellrosa 4H i Sunnylven fekk ein triveleg dag under besøk på Stadheim Gard. Der fekk fekk dei oppleve å køyre med hest og kjerre.
Bilete/fortalt av 4H-rådgjevar Silje Kristin Stadheim.
På Stadheim Gard besøkte 4H-medlemane Åse, Glenn og Adrian, og dei to fjording-hestane Dalar Møy og Rosas Kiara. Åse hadde sala opp Rosas Kiara til ridetur og Dalar Møy hadde fått spent føre kjerra for stasleg transport. Ei oppleving dei aller fleste ikkje hadde vore med på før. Også ridetur på Rosas Kiara på den nybygde ridebana på garden var eit anna høgdepunkt.
Glenn grilla pølser og marshmallows og serverte brus. Før vi drog heim børsta 4H-arane dei to hestane som takk for køyre –og rideturane. Besøket resulterte i at 17 4H-medlemar vart hestefrelste denne laurdagen.