Lokalnytt

Fleire kommentar til konsesjonssøknader

Langedalselva kraftverk blir det største av dei fire kraftverka med ein berekna årsproduksjon på 20.40 GWh.
Langedalselva kraftverk blir det største av dei fire kraftverka med ein berekna årsproduksjon på 20.40 GWh.

Fleire uttale kom inn til NVE på utbygging av fire kraftverk i Sunnylven og Geiranger, og på den planlagte 66 kV kraftlinja mellom Tryggestad i Sunnylven og Tomasgard i Hornindal.

Det er søkt om konsesjon for fire småkraftverk i Stranda kommune. Dei fire er Langedalselva kraftverk (20.40 GWh), Hauge kraftverk (15.50 GWh), Røyrhus kraftverk (6.95 GWh), alle i Sunnylven og Storfossen minikraftverk (5.60 GWh) i Geiranger.

I tillegg er det søkt om konsesjon for bygging av ny kraftlinje mellom Tryggestad i Sunnylven og Tomasgard i Hornindal. Før fristen gjekk ut 5. april kom det inn til NVE høyringsuttalelsar både frå private, foreiningar og offentlege etatar;

*Fylkesmannen i Møre og Romsdal

*Istad Kraft AS

*Møre og Romsdal Fylkeskommune

*Naturvernforbundet Møre og Romsdal

*Norsk Ornitologisk Foreining

*Jørgen Helset

*Olav Asbjørn Håvik

*Grunneigarar til Storfossen

*Direktoratet for mineralforvaltning

*Statens Vegvesen

*Stranda Energi Nett

*Stranda kommune

Vi har sett på dei innkomne kommentarane med grunngjeving og tilråding i uttalane. Vi har forkorta namna på kraftverka til Storfossen, Røyrhus, Langedalselva og Hauge.

Møre og Romsdal fylkeskommune rår frå å gje konsesjon til Storfossen, Røyrhus og Langedalselva grunna friluftsinteresser. Også Hauge har verdi som friluftsområde, og om nye slike blir kjende bør dei leggast til grunn og vurdert i vidare konsesjonshandsaming.

Statens Vegvesen har ingen merknad til konsesjonssøknadane

Direktoratet for mineralforvaltning uttalar at ingen av utbyggingane kjem i konflikt med kjende mineralressursar.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fremjar motsegn til planane om utbygging av Storfossen og Langedalselva. Hauge bør heller ikkje utbyggjast etter planane. Inntaket må flyttast lenger ned og Sætrebekken må ikkje takast inn i røyrgata. Fylkesmannen går ikkje mot utbygging av Røyrhus.

Olav Asbjørn Håvik rår frå vidare nedbygging av Langedalselva. -Ein bør ha klokskap til å ta vare på Langedalselva grunna særskilde kvalitetar, heiter det mellom anna i uttalen.

Jørgen Helset er ein av fleire som har Haugedalselva som drikkevasskjelde og peikar på at dette må vere sikra også ved ei eventuell utbygging.

Grunneigarar til Storfossen skriv at utbygging av Storfossen vil sikre «grøn» energiforsyning til turistbygda. Å utnytte vassenergi lokalt vil bli ei positiv oppleving for mange reisande, heiter det.

På det flataste partiet i Haugedalen er inntaket for røyrgata til Hauge kraftverk planlagt.
På det flataste partiet i Haugedalen er inntaket for røyrgata til Hauge kraftverk planlagt.

Naturvernforbundet har ikkje innvendingar mot at Røyrhus får konsesjon på visse vilkår, men rår frå at Langedalselva og Hauge blir utbygd. Det er fossekallbestanden, inngrep i naturlandskapet og forringa tilbod for friluftsaktivitetar som er dei viktigaste argumenta. -Storfossen har vi ikkje brukt tid på å vurdere. Det får reiselivsverksemdene sjølve gjere, heiter det i uttalen.

Istad Nett AS har sendt inn høyringsuttale på planane for ny 66 kV-linje mellom Tryggestad og Tomasgard.

Norsk Ornitologisk Foreining konsentrerer sin uttale mykje kring norges nasjonalfugl, fossekallen. Småkraftverk har vist seg å vere den alvorlegaste trusselen mot fossekallen, står det å lese i uttalen. Hauge og Langedalselva bør ikkje få konsesjon, noko foreininga har understreka i den skriftlege uttalen.

Standa kommune uttalar seg positivt til alle planane på visse vilkår. Stranda kommune tilrår at også overføringslinja Tryggestad – Tomasgard får konsesjon.

Stranda Energi Nett skriv i sin høyringsuttale at dei ser på vasskraft i kommunen som ein positiv ressurs.

Sjå alle høringsuttalelsane; https://www.nve.no/konsesjonssaker/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380