For 35 år sidan

For 35 år sidan: GOD ØKONOMI I S–LAGET – Ingen kvinner med i styret

980x-Sunnylvingen012
Frå årsmøtet i Sunnylven Samyrkelag. Frå venstre sit Sverre Alme, Sakk. Sæter, Knut Frøysa, Erling Rusten og ståande Petter Ringdal. Desse utgjorde styret for 1980 saman med Oddbjørn Tryggestad som ikkje var til stades då biletet vart teke. Dei to førstnemnde går no ut av styret etter lang teneste.

Sunnylven Samyrkelag avvikla årsmøtet sitt laurdag 28. mars. Vel 50 var frammøtte då Erling Rusten la fram årsmelding og Petter Ringdal rekneskapen for laget for 1980.

Begge meldingane vart godkjende utan merknadar, og dei synte eit jamnt godt arbeidsår for laget. Den avgiftspliktige omsetninga låg på vel 9.2 millionar kroner, ein auke på vel 700.000 frå året før. Overskotet var på 236.000. Dette er eit noko svakare resultat enn året før. Men Petter Ringdal meinte at det var eit tilfredsstillande resultat, særleg sett på bakgrunn av vanskane for samyrkelaga andre stader. Folk er meir tilbakehaldne med større investeringar og kjøp, meinte Ringdal. .

Årsmøtet avsette kr.100.000.til bonus for 1981. Dei garanterer då ein bonus på 3,5% på alle daglegvarer. F or 1980 vart det vedteke å gje ein prosent bonus på kjøpt kraftfor.

Samyrkelaget har elles nytta seg av maksimal nedskriving på både det gamle og nye bygget. Tal som revisor Hagen la fram, synte og at forretninga har god forrentning både på eigenkapital og på all kapital. Likviditeten er og god.

Årsmøtet vedtok elles å gje styret fullmakt til å arbeide med plan for asfaltering av området rundt Samyrkelaget. Til dette vart avsett kr. 30.000 på årsmøtet. Arbeidet vil truleg kome i gang alt til våren.

Det vart på møtet stilt ein del spørsmål til styret når det galdt nettopp uteområdet, og også om dei uteståande fordringane som var ganske store ved årsskiftet, men som stort sett skuldast store kraftforinnkjøp kring årsskiftet. Sverre Alme og Sakk. Sæter stod i år på val til styret. Dei sa begge frå seg attval, og vart takka for lang og god teneste for Samyrkelaget. I deira stad kom John Arne Langeland og Johs. Kjellstad inn. Styret har no denne samansetninga for 1981. Erling Rusten form. (attval.), John Langeland, Johs. Kjellstad, Knut Frøysa, John Saarheim og Oddbjørn Tryggestad. Styraren, Petter Ringdal, er sjølvskriven i  styret. Varafolk: Gunnvor Lade og Laila Røyrhus.

Det kom såleis ingen kvinner med  i styret som faste representantar, sjølv om det kom framlegg på fleire. Fleire Sunnylvingen snakka med etter møtet, hadde vona at det skulle ha skjedd i år.

Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, april 1981.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info