For 35 år sidan

For 35 år sidan: Storfjord Husflidslag skipa

Storfjord Husflidslag skipa – Olga Langeland vald til første formann

Bildetekst: Olga Langeland (t.v.) og Turid Skogly, Stranda er formann og styremedlem i det nyskipa husflidslaget.
Bildetekst: Olga Langeland (t.v.) og Turid Skogly, Stranda er formann og
styremedlem i det nyskipa husflidslaget.

På eit konstituerande møte torsdag 2. april vart det skipa eit husflidslag for kommunen. Laget fekk  namnet Storfjord Husflidslag, og Olga Langeland vart vald til første formannen i laget

Det var på eit møte tidlegare i vår at det vart vedteke å skipe eit husflidslag i kommunen. På det møtet vart det vald ei nemnd til å førebu den endelege skipinga. Denne nemnda hadde no utarbeidd framlegg til vedtekter for laget, og la fram framlegg til namn. Ei valnemnd hadde og vore i arbeid.

På det konstituerande møtet var om lag 30 frå Hellesylt, Stranda og Liabygda til stades.

Distriktskonsulent Rigmor Russånes var og til stades. Ho fortalde og synte ljosbilete om husflid, og synte og døme på ulike arbeid. I vedtektene som vart vedtekne for laget heiter det at ein vil freiste ta vare på gamle stadeigne modellar og mønstrar.

Laget vil arrangere utstillingar og demonstrasjonar og også husflidskurs. Vidare skal laget hjelpe fram og formidle sal av husflidsarbeid. Det skal drive opplysningsarbeid og rettleiing gjennom pressa, og utvikle og stø opp om nyskapande arbeid.

Ved valet vart Olga Langeland valt til formann, med Åse Hole som personleg varamann. Vidare fekk styret denne samansetjinga: Turid Skogly ,p.v Oddbjørg Moss, Leif Sundgot, p.v. Knut Frøysa, Synnøve Gjærde, p.v. Oddm. lndreeide. Gjertrud Lied, p.v. Anna Lied. Revisor: Knut Martin Stadheim. Valnemnd: Margit Stadheim, form., Nanzy Espelund, Anne Grete Saarheim og Anne M Ringseth.

 

 

 

 

 

 

Rigmor Russånes
Rigmor Russånes

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info