For 35 år sidan: Tidhøveleg bru til Korsbrekke
Arbeidet med å ta bort gamle Korsbrekke bru og setje opp ei ny bru, er no fullført. Den gamle brua vart frakta til Hauge og er sett opp der. Den gamle brua var etter kvart blitt uteneleg. Mellom anna kunne ikkje mjølketankbilar og bilar med kraftfor i bulk kome over. Det var og vanskar med å få hente slakt frå dei tre gardane.
Lars A Korsbrekke fortel til Sunnylvingen at arbeidet med omlegging til ny bru har gått godt. – Og for gardane her vert dette eit stort framsteg, seier Korsbrekke. – No, kan vi få montert både anlegg for tankhenting av mjølk og kraftforsilo.
Den nye brua, som har 22 m lange mastrer har ei total breidde på 4 meter. Brua er godkjent for 10 tonn akseltrykk, så ho skulle ikkje lenger setje så trange grenser for trafikken til Korsbrekke. Den nye brua vil kome på om lag 130. – 140. 000 kroner, får «Sunnylvingen» opplyst.
Av dette vil ein få om lag kr. 60.000 frå Landbruksdepartementet og kr. 30.000 i tilskot frå kommunen. Resten av kostnaden må ein nok rekne med at dei tre gardane må dekkje.
Denne artikklen er henta frå Sunnylvingen april 1981.
Her er den originale artikkelen.