Frå nabokommuna til Hellesyltdagane

Kristian Haugen kjem på utescena under Hellesyltdagane søndag 10. juli. (Foto frå arkivet)

Kristian Haugen kjem på utescena under Hellesyltdagane søndag 10. juli. (Foto frå arkivet)

Trubadur og visediktar Kristian Haugen frå Hornindal blir å høyre på utescena under Hellesyltdagane. Musikaren frå nabokommuna har leika på gitarstrengar og formidla song på Hellesylt før, sist under kunstopning på Peer Gynt Galleriet i 2015.

Kristian Haugen (25) er musikar og låtskrivar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Etter fleire år som gitarist i ulike band, begynte han for alvor å skrive låtar i 2013. Låtar han var bestemt på å gi ut. Dette resulterte først i singelen «Tulipan» i 2014, før debutplata «Lat Meg Synge Deg Ein Voggesong» kom ut i 2015. Plate hadde tretten av hans eigne låtar, mellom anna «Eg Kjenner At Du Er Her I Kveld» som fekk fleire radiospelingar på NRK Sogn og Fjordane.

I ei kryssing mellom vise/pop/rock dreg musikken til Kristian Haugen deg med både på lette utforkøyringar til bratte motbakkar. Han skriv og syng på nynorsk, tekstar som nok både er levd liv, daglege draum og fantasi.

Kristian Haugen har fleire konsertar bak seg, og vart blant anna som ein av ti artistar plukka ut til å spele på bransjetreffet for Sogn og Fjordane og Hordaland – Blest 2015. Han har fått skryt for tilstadeværelse og formidlingsevne under sine spelingar.

Haugen er no i ferd med å flytte på seg, og bygge opp eit band i Bergen. Han arbeider også med nytt materiale og planlegg fleire spelingar utover i 2016.

Les også: http://www.hellesylt.info/2015/06/gjev-ut-plate-i-nynorsk-drakt/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380