Fullklaff for ekstremsportarrangement

X2 Festivalen sitt inntog i Sunnylven vart ein kjempesuksess. Laurdag 16. april vart ein flott dag både for deltakarar og publikum.
Etter vertrøbbel på fredag kom X2 Festivalen i gong for fullt dagen etter i Sunnylvsbygda. Betre forhold for XBase, Speedflying og Fallskjermhopping kunne det ikkje bli. Også i Bygdaelva i Steimsåsane gjekk X Creek etter planen sjølv om elva ikkje var på det mest brusane denne dagen.
To helikopter sytte for transport til topps av sportsfolket. Ros til Stranda kommune for at dei brukte § 6 i motorferdselslova og gav dispensasjon for ekstra flygingar. I ei lite vekkgjøymd bygd tek ingen skade av litt motordur ein dag, heller ikkje gåande og flygande «venner» i naturen. Vi trur fleire håper at bevilgande myndigheiter er like positive ved seinare høver.
Arrangementet og området vart skamrost av fleire. Dei kom igjen ved liknande festivalar seinare.