LokalnyttLokalsport

God skyting av sunnylvingar

Kristian t.v. og Isak, begge Frøysadal Hauge imponerte stort under skyttarstemne i Engesetdalen søndag.
Kristian t.v. og Isak, begge Frøysadal Hauge imponerte stort under skyttarstemne i Engesetdalen søndag.

Nær 200 skyttarar deltok på årets Landsdelskretsstemne i feltskyting i Engesetdalen søndag. Sunnylven skyttarlag var representert med seks deltakarar i meisterskapen.

Tekst/foto: Rune Tryggestad.

Landsdelskretsstemne er meisterskapen for heile Møre og Romsdal.  Frå Sunnylven Skyttarlag deltok seks skyttarar i seniorklassa på grovfelten som skaut på avstandar frå 127 til 418 m,  og 2 skyttarar i dei yngre klassene på finfelten som skyt på 100 m.

Sunnylvingane gjorde det godt i alle klasser. Spesielt Kristian Frøysadal Hauge i  klasse Eldre rekrutt som vart nr 3 med fullt hus og 42 treff etter omskyting om 2. plassen i finalen. Også på omskytinga vart det fullt hus, men han vart rangert som nr 3 på innertreff. Sterkt med 54 skot på stemne og alle i blinken. Han fikk DFS si ungdomsmedalje.

Stort dårlegare var ikkje broren Isak i KL Rekrutt. Med 28 treff på innleiande og 11 på finalen vart han nr 6.

Seniorane gjorde også sine saker godt. På innleiande skyting i  klasse 4 vann Trygve Aaland Tryggestad  med 27/17 treff. I same klassa fikk Kjell Oddvar Frøysa også 27 treff .  Dag Andre Hauge i klasse 3 skaut 26 treff. Desse 3 fekk skyte finalen. Litt lenger nede på listene finn vi Rune Tryggestad med 20 treff. Nils Olav Frøysa med 18 treff og Ivar Fivelstad med 17 treff.

På  meisterskapet etter finalen i kl 2-5 + V55 vart det 37 treff og stjerne på Kjell O. Frøysa. Stjerne fikk også Trygve Aaland Tryggestad med 35 treff. Dag Andre Hauge skaut 34 treff og fikk sin høgthengande medalje.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380