Lokalnytt

Heiderspris til Storfjordens Venner

Matvika ved innløpet til Geirangerfjorden. Her har Storfjordens Venner halde Sommarstemne sitt fleire gonger.
Matvika ved innløpet til Geirangerfjorden. Her har Storfjordens Venner halde Sommarstemne sitt fleire gonger.

Foreininga Storfjordens Venner er tildelt EUs kulturminnepris/Europa Nostra-prisen 2016. Organisasjonen får prisen for vern av bygningar og kulturlandskap i Storfjordområdet.

Det starta på Skageflå i Geirangerfjorden. Sidan har det gått slag i slag med restaurering av fjord og fjellgardar i Storfjordområdet. Til saman har foreininga vølt 120 store og små prosjekt i åra frå 1975, men det stoppar ikkje der, uttalar styreleiar Kjell Løseth i ei pressemelding som organisasjonen har sendt ut i høve ei anerkjennande pristildeling.

Storfjordens Venner er ein av 28 prisvinnarar frå 16 land som blir tildelt EUs kulturminnepris/Europa Nostra-pris 2016 i Madrid 24. mai. Prisen er ein stor bronsefigur og eit sertifikat. I tillegg er Storfjordens Venner med i tevlinga om åtte topprisar, Grand Prix og 10.000 Euro kvar.

I ei pressemelding frå Storfjordens Venner uttrykkjer styreleiar i organisasjonen, Kjell Løseth stor glede og stoltheit over tildelinga av Europas mest prestisjetunge pris innan kulturminnearbeid. Det motiverer til å ta fatt på både planlagde og andre kulturminneprosjekt som treng vøling, seier han.

Her er pressemeldinga frå organisasjonen med kommentar av styreleiaren.

 – Pristildelinga viser at arbeidet og innsatsen vår vert verdsett også internasjonalt, seier Kjell Løseth, styreleiar i Storfjordens Venner. Det er ein høgthengande pris som gir merksemd i heile Europa. Den skaper inspirasjon og motivasjon til fortsatt innsats for å ta vare på kulturarven på Sunnmøre.

Representantar for foreininga vil naturlegvis vere til stades i Madrid 24. mai når prisen skal delast ut, og ser fram til dette.

Tidlegare har foreininga motteke fleire nasjonale prisar som mellom anna Den nasjonale kulturlandskapsprisen, Norsk kulturarvs ærespris, «Olavsrosa», Møre og Romsdal fylkes kulturpris, «Maihaugprisen», Landbrukets Miljøpris og Ole Lind Schistad-prisen.

 – Når vi no får den Europeiske kulturvernprisen, fortel det oss at foreininga har gjort svært mykje rett, og det inspirerer oss til vidare innsats.

120 prosjekt til no

– Utmerkinga vi no får, skuldast innsatsen til svært mange engasjerte personar opp gjennom dei snart 41 åra foreininga har eksistert, seier Løseth vidare.

Personar har lagt ned tallause dugnadstimar for å klare dei oppgåvene foreininga har teke på seg. Frå tiltak som provisorisk taktekking, stabilisering av grunnmurar og «mott-aksjon» i foreiningas tidlege år; og vidare gjennom den lange rekkja av store og små restaureringsprosjekt som så langt har summert seg til 120.

Mange å takke

– Når vi no er tildelt denne prisen og skal vere med å tevle om ein av dei åtte topprisane, er vi overmåte stolt og glad, slår Løseth fast, og seier vidare:

Naturleg nok går tankane til Karl Mjelva i Geiranger som tok initiativet til å starte Storfjordens Venner. Saman med mellom andre Are Homlong og Helge Søvik – som framleis er svært aktive i foreininga – såg han behovet for vern og kulturminnebevaring langs Storfjorden. Sidan har vernearbeidet slått ut i full blomst, og den Europeiske kulturvernprisen er mellom dei fruktene vi kan hauste i dag.

Ein annan av veteranane våre, Atle Ringseth, som saman med Are Homlong i fjor fekk kongens fortenestemedalje for lang og stor innsats i foreininga, følgjer framleis interessert med og kjem stadig med innspel og råd.

Vi vil også rette ei stor og varm takk til alle dei som har arbeidd for foreininga både med praktisk innsats og gjennom tillitsverv.

Så er det alle som har ytt midlar til foreininga og arbeidet. Privatpersonar, verksemder, organisasjonar og det offentlege.

Ei takk også til våre nærare 1000 medlemer som støttar opp om arbeidet. Ei takk også til dei mange deltakarane på Storfjordstemna opp gjennom åra som har gjort desse til ei lang rekke suksessar.

«Når engasjementet og entusiasmen er sterk nok, har det vist seg at mangt som synest umogleg, er overkomeleg!»

Nye prosjekt

– Men det stansar ikkje med det vi har oppnådd til no, understrekar Løseth. -Vi er godt i gong med fleire prosjekt som skal avsluttast i år, og vi har nye som er finansiert, godkjent og klar for å starte opp.

Og om ikkje dette skulle vere nok. Det er fleire prosjekt under vurdering og utgreiing med tanke på gjennomføring i neste omgang; og det dukkar stadig opp nye.

Oppå dette vurderer foreininga no å satse meir å historie- og formidlingsarbeid for ta vare på meir av dei ikkje-materielle verdiane i Storfjordområdet.

Ei anna oppgåve vi ser behov for å engasjere oss i, er å snu attgroinga som truar med å skjule fleire av dei fråflytta gardane.

Snart er det òg tid for Storfjordstemnet (5. juni) som i år er lagt til garden «Grova» i Liabygda i Stranda kommune. Der har vi nyss restaurert tre bygningar og skal ta den fjerde no i 2016.

Om Storfjordens Venner

Storfjordens Venner vart skipa i 1975. Foreininga har oppunder 1000 medlemer spreidd rundt i landet, men naturleg nok med dei fleste på Sunnmøre. Føremålet til foreininga er slik:

«Storfjorden Venner har til oppgåve å verne- og formidle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap Foreininga sitt arbeidsområde er langs indre- / midtre del av Storfjorden.

Blomberg, 452 meter over Geirangerfjorden er ein av dei høgstliggande fjord -og fjellgardane som Storfjordens Venner har restaurert.
Blomberg, 452 meter over Geirangerfjorden er ein av dei høgstliggande fjord -og fjellgardane som Storfjordens Venner har restaurert.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380