-Hellesylt Bygdetun ei prioritert sak

Å få reparert muren og råteskadane på det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun er ei prioritert sak. Det seier den nye styreleiaren i Stiftinga Hellesylt Bygdetun, Jan Ove Tryggestad.
På årsmøtet i Stiftinga for Hellesylt Bygdetun vart Jan Ove Tryggestad valt til styreleiar. Dei andre i styret er Arne Ringdal nestformann, Ingebjørg Sårheim Fivelstad kasserar, Odd Jostein Bjørdal sekretær, Arild Ringdal styremedlem.
Ei av dei viktigaste sakene på årsmøtet var kva som skjer med det gamle våningshuset i Bygdetunet. For ei tid tilbake vart det kjent at grunnmuren held på å sige ut, og i tillegg vart det konstatert betydelege råteskadar i tømmeret, spesielt stokken nærmast ned til muren. Kostnadane med reparasjon vart antyda til 300.000.- kroner.
Ein søknad om støtte frå kulturminnefondet fekk avslag grunna at det var kommunen som stod som eigar. Etter det har det skjedd lite i saka.
Jan Ove Tryggestad opplyser at ein no vil søkje på nytt om støtte frå kulturminnefondet då det truleg er gjort ein sakshandsamingsfeil. Som stifting er Hellesylt Bygdetun ei sjølvstendig eining og eigar og bør få støtte til liks med andre stiftingar, som Severinbrauta i Eidsdal. I alle fall er reparasjon av gamlehuset ei prioritert sak, seier Tryggestad.
Om ein søknad får avslag igjen, kva då?
Då må vi tenkje nytt. Det er store historiske verdiar vi har fått som gåve, ein kulturskatt som vi må ta vare på. Og inn til vidare vil drifta halde fram som før i Hellesylt Bygdetun, seier Jan Ove Tryggestad.