Hellesylt songlag med årsmøte og idemyldring

Hellesylt songlag og ungdomskoret Joyful under julekonserten i Sunnylven kyrkje i fjor.

Hellesylt songlag og ungdomskoret Joyful under julekonserten i Sunnylven kyrkje i fjor.

Onsdag 20. april held Hellesylt songlag årsmøte på Øcal restaurant. Her blir det høve til å kome med idear om vidare satsing.

Hellesylt songlag har ikkje faste songøvingar gjennom året, men har hatt suksess som «prosjektkor». Under eit mai-arrangement i fjor saman med fotballgruppa og bandet «Fossedur» var Hellesylt songlag aktivt med og hausta ære og jubel saman med dei andre aktørane.

Også til alle julekonsertar i Sunnylven kyrkje har eit 15-talls songarar frå laget bidrege og gjort julekonsertane til ei oppleving.

Songlaget kallar no inn til årsmøte med vanlege årsmøtesaker på saklista. Også framtida for koret skal drøftast så møt opp på Øcal restaurant og kom med gode idear denne dagen, er oppmodinga frå styret. I styret er desse med; Kari Hauso Stadheim leiar, Inghild Storstein og Anne Grete Frøysa, Kristin Storstein styremedlemer. Dirigent for Hellesylt songlag er Kristin Storstein.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380