Lokalnytt

Hoppar for eit godt hjarte

Hopp 3

Sunnylven skule har meldt seg på i hoppetaukonkurranse, ein nasjonal aktivitet for skuleelevar i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Konkurransen blir arrangert for ellevte gong.

I tida 26. april til 11. mai inviterer Nasjonalforeininga for folkehelse alle skular rundt om i landet til å vere med på aktivitetar med hoppetau. Ved Sunnylven skule starta dei alt fyrste dag, tysdag 26. april.

Slik samlar elevane poeng

Hoppinga skal foregå innenfor skulekvardagen, både i friminutt og litt av skuletimane, fortel Silje Stadheim, lærar ved Sunnylven skule. Kvar elev får eitt poeng for kvart minutt dei hoppar eller dansar, men kan ikkje samle meir enn 60 poeng på ein dag. For trimmen foregår ikkje berre med hoppetau, vi fekk sjå stor innsats også i ein hoppedans med musikk til. Alt foregjekk ute på skuleplassen på Hellesylt i starten av skuledagen tysdag.

Nasjonalforeininga har sendt ut meir om reglar for korleis elevane kan sanke seg poeng også i skuletimane, ved å hoppe medan dei puggar gloser, arbeider med gongetabellar, repeterer gramatikk og geografi. Det gjeld om å vere kreative.

Premiering
Når konkurransetida er omme kårer aksjonskomiteen ein nasjonal vinnar som får aktivitetsutstyr i premie  Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får ein premie til klassa. I tillegg vil det bli trekt ut aktivitetsutstyrspremiar uavhengig av oppnådd poengsum i konkurransen, heiter det i reglane for konkurransen.

Selma og Adrian fekk god sleng på hoppetauet. Det same gjorde Johannes i bakgrunnen.
Selma og Adrian fekk god sleng på hoppetauet. Det same gjorde Johannes i bakgrunnen.
Her er det "hoppedansen" det blir trimma etter.
Her er det «hoppedansen» det blir trimma etter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Hoppar for eit godt hjarte

  • Tilbakeping: URL

Kommentarfeltet er stengt