Ida er mor og fostermor

Ida, sauen i fjøset på Langeland som har fått namn etter programvert i NRK ni-timen har blitt mor til eit «jentelam».
I ni-timen 27. april vart sauebonde John Arne Langeland intervjua på telefon frå sauefjøset på Langeland i Sunnylven. Frå eit fjøs fullt av nyfødde lam fortalde han at Ida, oppkalt etter ni-timevert Ida Kjøstelsen, hadde blitt mor til eit «jentelam».
Litt skuffande at ho fekk berre eitt, tykte sauebonden, men han hadde fleire sauer som hadde fått tre lam. Ein sau har berre to spenar så då blir det kamp om maten, sa han. Dermed kunne Ida med berre eitt bli fostermor, og det var ho no utan å ha protestert. Det var flott av Ida, tykte Langeland, ei opplysning som gleda også ni-timevertane stort.
På spørsmål om Ida og dei andre sauene snart fekk ut på sommarbeite, så var det litt tidleg enno. Men John Langeland håpa på ein flott sommar for Ida og resten av saueflokken. Etter kvart ville det nok bli grøne beite med friskt gras frå null til 1300 meters høgd i Sunnmørsk natur.