Notiser

Inger Ringdal Sæter god i Hovedlandsrennet

Inger Ringdal Sæter t.v. og Anne Marie Roset er begge deltakarar under Hovedlandsrennet i Målselv. (Foto frå arkivet)
Inger Ringdal Sæter t.v. og Anne Marie Roset er begge deltakarar under Hovedlandsrennet i Målselv. (Foto frå arkivet)

Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL kom på ein flott 8. plass på normaldistanse skiskyting under Hovedlandsrennet i Målselv fredag.

Inger Ringdal Sæter i J16 gjekk godt i løypa og fekk tilnærma fullklaff på standplass under Hovedlandsrennet i skiskyting for 15 og 16-åringar som blir arrangert i Målselv. På normaldistansen fredag kom ho på 8. plass etter god skyting (1-1), 2.38.6 etter vinnar Åsne Skrede, Geilo IL (1-0). Rundt 50 løparar deltok i J16 år.

Laurdag er det sprint og søndag stafettar der Inger håper å få gå etappe på laget til Sogn og Fjordane.

Andre lokale plasseringar:

J16: 26. Anne Marie Roset, Markane IL (2-1), 32. Kari Alsaker, Markane IL (3-1)

G15: 15. Magnus Seljeset, Hornindal IL (1-0)

G16: 10. Magnar Lødøen, Hornindal IL (0-0)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380