Lokalnytt

Innsamling av grovavfall i Sunnylven

Heidi Steinnes Årim og Arnstein Sve frå Stranda Gjenvinning & Transport tok mot mykje, mellom anna denne sykkelen under innsamlinga på Hellesylt i 2015.
Heidi Steinnes, Årim og Arnstein Sve frå Stranda Gjenvinning & Transport tok mot mykje, mellom anna denne sykkelen under innsamlinga på Hellesylt i 2015.

Onsdag 27. april blir det «miljødag» med innsamling av grovavfall i Sunnylven. Innsamlingsstad er på Hellesylt i området ved Hellesylt bro frå kl. 12.00 til kl. 18.00.

Den store ryddedagen i Sunnylven nærmar seg også i år. Onsdag 27. april blir det innsamling av grovavfall frå private slik det har vore dei siste åra. Viktig å huske ved levering i år er å ha med seg Miljøstasjonskortet som Årim har sendt ut tidlegare. Det må visast fram for å sleppe å betale for leveringa.

Det er Årim som står for innsamlinga i samarbeid med Stranda Gjenvinning og Transport AS. Som tidlegare kan ein levere alle typer farleg avfall som måling, lakk, lyspærer, batteri, det kan vere utrangerte møblar, madrasser, tepper, små og store ting av metall, kvitevarer, brunevarer, TV-apparat og andre elektriske artiklar, syklar, smått trekapp og liknande, opplyser Årim.

Stort sett alt i hushaldninga kan leverast, men ikkje matavfall og større ting som forhaustarar og maskiner. Innsamlinga 27. april er for private, ikkje for bedrifter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380